Semestre

BLUBULL2 Barns utvikling, leik og læring 2

Emnekode: 
BLUBULL2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Bestått BLUBULL1 før ein kan gå opp til eksamen i BLUBULL2.

Om emnet

Målet med emnet er å utvikle forståing og innsikt i å planlegge og å leie barns leike-, lærings-, utvikling- og danningsprosessar. Emnet skal gi kompetanse i å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog med føresette. Emnet inneheld 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring, og har følgjande tema: Barns utvikling, leik, læring og danning, barns språkutvikling og språkleg mangfald, fleirkulturelle perspektiv, leiing av personalet og samarbeid med føresette.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • aktuelle teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • språkleg og kulturelt mangfald, barns språkutvikling og utvikling av fleirspråklegheit
  • inkludering og tilpassa opplæring, og barn med særskilde behov
  • foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
  • leiing og rettleiing av personalet i barnehagen
Ferdigheiter

Studenten kan

  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere opplegg for barns språklæring med vekt på språkleg mangfald
  • utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
  • framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
  • analysere og leggje til rette for tilpassa opplæring og  inkludering i barnehagen
  • ta i bruk pedagogiske og digitale verktøy i arbeidet med barns utviklings- og læringsprosessar
Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i

  • didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte til erfaringar frå praksis
  • å leie og rettleie personalet og samarbeide med føresette i planlegginga av arbeidet med barna
  • å nytte varierte arbeidsformer i planlegginga av opplegg for barn der ein tek omsyn til alder og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • å vise etisk og fagleg innsikt i barns integritet basert på forståing av demokrati, likeverd og likestilling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar og arbeid individuelt og i gruppe. I tillegg vert det gjennomført studentpresentasjonar og arbeidd med prosjekt. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav.

Praksis:

I praksis skal studentane i samarbeid med personalet gjennomføre leiardagar og planlegge pedagogiske aktivitetar med vekt på språkleg og kulturelt mangfald. Etter praksis skal studentane skrive ei individuell, skriftleg oppgåve med vekt på kulturelt og språkleg mangfald. I tillegg skal studentane utarbeide eit  refleksjonsnotat om si utvikling som leiar i barnehagen. Dette er andre del av ei samletekst som skal danne grunnlag for eksamen tredje studieår. Sjå arbeidskrav kulepunkt to.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Barns språkutvikling. Studentane skal utarbeide ei individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord om barn si språkutvikling (vårsemesteret).
  • Kulturelt og språkleg mangfald. Studentane skal utarbeide ein individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord. Oppgåva er knytt til praksis (haustsemesteret).
  • Eg som leiar. Dette er eit individuelt skriftleg refleksjonsnotat på om lag 1500 ord med vekt på studenten si utvikling som leiar i barnehagen. Dette er andre del om studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLULSU )(vårsemesteret).
  • Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar.
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Bente Ellinor Vatne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter