Semestre

BVA307 Juss i barnevernsfagleg arbeid

Emnekode: 
BVA307
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet skal gi studentane solid kunnskap om juridisk metode, dei sentrale rettskjeldene i barnevernretten, mellom anna Den europeiske menneskerettskonvensjonen og barnekonvensjonen. Andre sentrale tema er forsvarleg sakshandsaming, og rettslege problemstillingar som barn og foreldres rett til medverknad og barnets beste. Vilkår for bruk av tvang, tilhøvet mellom barnelov og barnevernlov, vilkåra for tverretatleg samarbeid (teieplikt og opplysningsplikt) er også tema i emnet, og desse tema er i liten grad omhandla i jussundervisninga i dei obigatoriske emna i masteren i barnevernsarbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om sentrale barnevernrettslege tema og problemstillingar
  • ​har kunnskap om dei materielle reglane i den relevante lovgjevinga, mellom anna vilkår for inngrep og sakshandsamingsreglar
  • har avansert kunnskap om barns rett til vern og omsorg, barn og foreldre sin rett til informasjon og medverknad, og om barnets beste som rettsprinsipp
  • har inngåande kunnskap om dei rettslege rammene for tverretatleg samarbeid, mellom anna reglane om teieplikt og opplysningsplikt
  • har avansert kunnskap om krava til faglege kvalitet og forsvarlegheit i utgreiings- og tiltaksarbeid, og i avgjerdsprosessar i barnevernet
  • har inngåande kunnskap om juridisk metode og om dei sentrale rettskjeldene på barnevernsfeltet, mellom anna FNs barnekonvensjon, Den europeiske menneskerettskonvensjonen og Haagkonvensjonen av 1996
  • har kunnskapar som dannar grunnlag for at samiske barns og minoritetsbarns rett til eige språk, kultur, etnisitet og religion blir varetatt i vurderinga av barnets beste og i barnevernets arbeid jf. nasjonalt og internasjonalt regelverk
  • har avansert kunnskap om barns rettar i institusjon og grensene for bruk av tvang
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan sjølvstendig identifisere og analysere juridiske problemstillingar og bruke juridisk metode og relevante rettskjelder for å sikre barn og foreldre sine rettar
  • ​kan bruke relevante metodar for å foreta forsvarleg juridisk og barnevernsfagleg skjønnsutøving, og dokumentere vurderingar og avgjersler i eit fagfelt prega av uvisse og faglege og verdimessige motsetnader
  • kan skriftleg og munnleg gjere greie for barnevernsfaglege og juridiske vurderingar og avgjersler ut frå eit heilskapleg rettskjeldebilete og juridisk metode
  • kan ut frå konkrete barnevernskasus formulere problemstillingar, finne relevante lovbestemmelsar og andre rettskjelder, identifisere vilkår, tolke dei ulike rettskjeldene, gjere grundige og forsvarlege faktavurderingar, drøfte faktum opp mot juss (subsumere) og foreta forsvarlege konklusjonar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har analytisk, kritisk og praktisk kompetanse for å kunne arbeide med komplekse problemstillingar i møte med barn og unge og deira familiar.
  • kan reflektere kritisk over eigen praksis, og vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, forsking og relevant rettspraksis.
  • kan analysere og gjere greie for relevante juridiske problemstillingar
  • kan utvikle forståing for faglege og etiske dilemma ein møter som forvaltar av lovgjeving og avgjerdsmyndigheit
  • kan utvikle forståing for samanhengar mellom lovgjeving, organisering og kvalitet i forvaltning og tenesteyting
  • har eit juridisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre, dokumentere, evaluere og formidle tiltak og tenester
  • ​kan rettsleg analysere relevante problemstillingar, både eksisterande og framtidige, på barnevernsfeltet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Tre samlingar
  • ​Kombinasjon av førelesingar og studentaktive læringselement gjennom løysing av oppgåver og arbeid med kasus.
  • Sjølvstudium, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid er viktige arbeidsmåtar i emnet.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Minimum 65 prosent frammøte til undervisninga i emnet.

Arbeidskrav:

  • Eit skriftleg individuelt arbeidskrav, som kan bli delt i to mindre arbeidskrav
  • Eit skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (testing av teoretisk kunnskap og/eller ferdigheiter i løysing av kasus.) Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 65 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.
  • Alle arbeidskrav skal skrivast/ gjennomførast på norsk.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Egil Arne Standal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnevernsarbeid - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Randi Bergem 29.06.2023