Semestre
DKL05K Pedagogisk bruk av nettbrett i småskulen, 1.-3. trinn
Ingen
Elevane kjem til skulen med utbredt fritidserfaring med nettbrett. Korleis kan vi utnytte desse erfaringane for å få til gode læringsøkter i småskulen, og korleis kan lærarar ta i bruk moglegheitene nettbretta gir for variasjon og tilpassing av opplæringa? Emnet DKL05K tek for seg korleis nettbrett, spel og andre app-ar kan nyttast i begynneropplæringa knytt til ulike fag og kompetansemål og blir tilbode alle som underviser 1.-3.trinn. Emnet DKL05K har eit særleg fokus på kva bruk av nettbrett i læring får av konsekvensar for organisering av læringsøkter . Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om barn- og unges mediekultur. Vurdering av kvalitet på læringsressursar og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kan bruke nettbrett slik at det gir meirverdi i undervisninga. Det kan vere i form av variasjon, motivasjon, differensiering og læringsutbytte.
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur, og spesifikt nettbrettbruk
- har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til bruk av nettbrett som eit digitalt læringsverkty i klasserommet
- har oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning
- er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan bruk av nettbrett i undervisning
Studenten
- kan nytte nettbrett som eit naturleg verkty i klasserommet
- kan bruke nettbrett i lese- og skriveopplæringa
- kan dokumentere hendingar og produsere digitale forteljingar
- kan produsere bilde, video, lydfiler og enkel animasjon med nettbrett
- kan vurdere ulike programvare/ appar effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Studenten
- kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
2300 kr + semesteravgift
- Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | Stått eller ikkje stått | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |