Semestre

DKL10KØ Tilpassa opplæring med digitale ressursar

Emnekode: 
DKL10KØ
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Med krav om tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap, og digitale ferdigheiter som ein grunnleggjande ferdigheit, vert behovet for tilrettelegging for bruk av digitale ressursar i ein stadig meir digitalisert kvardag aukande. Bruk av digitale ressursar gir nye moglegheiter for variasjon, differensiering, individuell tilpassing, nivåinndeling og adaptiv læring i eit læringsfellesskap.

Tilpassingsmoglegheitene aukar i takt med tilgangen på teknologi, digitale verktøy og ressursar. Emnet har eit særleg fokus på bruk av digitale ressursar for tilpassa opplæring. Tilrettelegging for tilpassa opplæring i eit digitalt samfunn krev ferdigheiter for best mogleg utbytte av ressursane, samt kunnskapar om vurdering av dei digitale ressursane, om tilrettelegging for elevane sitt læringsutbytte ved hjelp av digitale ressursar, og om trygg og variert bruk av digitale verktøy.

Bruk av digitale ressursar i eit læringsmiljø krev kjennskap til eit mangfald av programvarer, i tillegg til digital dømmekraft og kunnskapar om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar, samt kobling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald vil stå sentralt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om vurdering og bruk av digitale ressursar i læringssamanheng
  • har oppdatert og utvida sine kunnskapar om tilpassa opplæring i ein digital kvardag
  • er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan tilpassa opplæring ved bruk av digitale ressursar
  • har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur i eit digitalt samfunn
Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk eit variert utvalg av digitale verktøy for opplæring og tilpassing til ulike elevar sine behov
  • kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i sin bruk av digitale verktøy og digitale læringsressursar
  • kan vurdere, velge og integrere digitale ressursar hensiktsmessig i ein læringssamanheng
  • kan nyttegjere seg elevane sin mediekulturelle- og digitale kompetanse i læringssamanheng
  • kan vurdere individuelle læringsbehov og utnytte moglegheiter som digital teknologi og digitale læringsressursar gir for tilpassa opplæring og spesialundervisning
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og utføre varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i samarbeid
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysingar, både gjennom fagstoff og ved bruk av digitale verktøy
  • har utvikla nytenking og opparbeidd seg nye erfaringar med bruk av digitale ressursar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • kan utnytte moglegheiter som ligg i digitale ressursar for å utvikle et konstruktivt og inkluderande læringsmiljø og tilpasse opplæringa til varierte elevgrupper og elevar sine individuelle behov
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i samarbeid. Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, samlingar, utprøving og nettbaserte læringsressursar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, som angitt i semesterplanen.

 

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa. 

 

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
99
Emneansvarleg: 
Lina Rebekka Kobberstad
Studieavgift

Kr. 3.950,- + semesteravgift

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ørsta
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna
den pågåande utviklinga av teknologiske moglegheiter, vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester. Dette
vil bli spesifisert i semesterplanen.