Semestre

DKL113 Leiing av digital skuleutvikling

Emnekode: 
DKL113
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Om emnet

Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane. Emnet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar nye verkty for å løyse utfordringar.DKL113 har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive slikt utviklingsarbeid, og kva som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling.Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

KunnskaparKandidaten i emnet Leiing av digital skuleutvikling:·          har kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·          har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen·          har kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring·          har kunnskap om læraren sitt handlingsrom, og kvifor profesjonsautonomi er viktig for skuleutvikling.FerdigheiterKandidaten i emnet Leiing av digital skuleutvikling·          kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid·          kan planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar·          Kan reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er både nettbasert og med undervisning på campus. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i enmnet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det vert gitt lokal rettleiing for dei som treng dette.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram