Semestre

DKL114 Medieproduksjon og samansette tekstar i læring

Emnekode: 
DKL114
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Media production and multimodal texts for learning
Emnenavn på bokmål: 
Medieproduksjon og sammensatte tekster i læring
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Om emnet

Utbreiinga av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av samansette tekstar har vorte ein del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Didaktisk arbeid med samansette tekstar og digitale verkty utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag.Emnet DKL114 har eit særleg fokus på samansette tekstar og medieproduksjon for læring. Bruk av multimodale/samansette tekstar i læringsarbeidet krev kunnskap om tekst, lyd, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til eit meiningsfullt innhald. Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om ungdomens mediekultur. Vurdering av kvalitet på medieprodukt, bruk av digitale verkty i læring og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet.Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

Kunnskapar Kandidaten ·      har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur ·      er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring. ·      har grunnleggjande kunnskap om produksjonsprosessar i tekst, bilete, animasjonar, lyd og film. ·      har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til produksjon og bruk av multimodale tekstar og digitale læringsverkty. ·      har oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning.Ferdigheiter Kandidaten ·      kan reflektere over eigen praksis og justere den under veiledning ·      kan ta i bruk kunnskap og relevante resultat frå forskningsarbeid i praktiske og teoretiske oppgåver og gjere velbegrunna val. ·      kan produsere og bruke eit multimedieprodukt for bruk i læringssamanheng. ·      kan evaluere og vurdere elevenes multimediaproduksjonar og multimodale tekstar ·      kan reflektere over eigen produksjon av mutimedieprodukt og multimodale tekstar til bruk i læring·      kan vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng.Kompetanse Kandidaten ·      kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage multimedieprodukt. ·      kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe. ·      forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar. ·      kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis.·      viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er både nettbasert og med undervisning på campus. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i emnet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det vert gitt lokal rettleiing for dei som treng dette.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emnet inngår i følgande studieprogram