Semestre

DKLY101 Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar

Emnekode: 
DKLY101
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Godkjend lærarutdanning (PPU eller yrkesfaglærar).

Om emnet

Emnet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse (IKT-senteret, mai 2017) og er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar».

Studiet er bygd opp av fire like store modular og gir totalt 15 stp over eit år:

  • Modul 1: Digital lærarprofesjonalitet - om lærarrolla og læringsdesign i teknologirik opplæring (hausten 2018). Delemnet har fokus på kva som ligg i omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse, korleis utøving av lærarrolla blir påverka og utfordra i teknologirike klasserom og opplæring, og korleis legge til rette for læring med digitale ressursar.

  • Modul 2: Skulen i det digitale samfunnet - elevane sin mediekultur i møte med skule og samfunnet (hausten 2018). Delemnet har fokus på rammene for utøving av lærarprofesjonalitet i krysningspunktet mellom samfunnskrav og elevforståing, med utgangspunkt i planverk og i elevane sin mediekultur, og korleis arbeide med motivasjon og tilpassing av opplæringa med elevane sin mediekompetanse som ressursar.

  • Modul 3: Etikk, digital dømmekraft og nettvett (våren 2019). Delemnet har fokus på kunnskap om digital dømmekraft i høve til nettjuss i læringsarbeid, nettvett, arbeid med digital mobbing, sosiale medier og digital studieteknikk.

  • Modul 4: Fagdidaktisk bruk av digitale ressursar og læringsnettverk (våren 2019). Delemnet har fokus på å utvikle kunnskap om og ferdigheiter i nyttige digitale ressursar i eigne fag og bruk av læringsnettverk i arbeidet med å ta i bruk digitale ressursar i eigen praksis og i vidareutvikling av eigen praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskapar om rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse

  • har kunnskapar om metodar for læring i teknologirik opplæring

  • kjenner til barn og unge sin mediekultur

  • har kunnskapar om digital dømmekraft og digital studieteknikk

  • kjenner til metodar for å utvikle kunnskap om bruk av digitale ressursar og læringsnettverk

Ferdigheiter

Kandidaten kan:  

  • vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse

  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid

  • tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader

  • etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling

Generell kompetanse
  • Kan anvende kunnskap og ferdigheter på sjølvstendig vis i ulike situasjoner i utdanning- og yrkessammenheng gjennom samarbeid, refleksjon og kritisk tenkning.

  • Har betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Emnet vil verte organisert med totalt 15 studiepoeng, fordelt over to semester (7,5 studiepoeng på kvart) på deltid. Det er lagt opp til to samlingar kvart semester, med utstrekt bruk av nettbasert rettleiing og oppfølging mellom samlingane. Emnet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) samlingar med kunnskapsdeling og praktisk utprøving, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisnings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i emnet skal dele sine utviklingsarbeid med sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider gjennom obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart delemne.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte på fysiske og digitale samlingar, angitt i semesterplan.

 

Arbeidskrav:

Emnet har mappeeksamen. Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeidskrava frå studiet. Konkrete arbeidskrav knytt til dei fire modulane vil vere knytt til eigenarten i dei fire modulane og studentgruppa si faglege innretting. Sjå spesifisering i semesterplanen.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Stian Cornelius Fagerlid
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
2 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid frå heile studiet. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Godkjent av: 
Audhild Greoriusdotter Rotevatn