Semestre

DR111 Inn i dramafaget

Emnekode: 
DR111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Inn i dramafaget er eit emne som fokuserer på ulike måtar å nytte drama og teater i arbeid med barn og unge. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule. Emnet kan takast som ein del av eit bachelor-program i drama/teater, eit studium på 30 eller 60 studiepoeng, eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om utvalde drama- og dramapedagogiske tema, teoriar og problemstillingar grunnleggjande kunnskap om utvalde drama- og dramapedagogiske metodar, verkty og prosessar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan nyttiggjere seg kunnskap i praktiske og teoretiske oppgåver planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, grunngje vala sine og reflektere over dei estetiske læringsprosessane i drama.

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium og rettleiing. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane brukar IKT som hjelpemiddel både i samband med teoretisk og praktisk arbeid. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  • Planleggje og gjennomføre eit dramaopplegg i ei elevgruppe
  • Skrive eit fagdidaktisk refleksjonsnotat (ca. 1500 ord) knytt til eigen vurdering av dette dramaopplegget
  • Skrive eit responsnotat (ca 500 ord) til ein medstudent, knytt til medstudenten sitt faglege refleksjonsnotat

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11:https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/KAPITTEL_5#KAPITTEL_5

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100