Semestre

ENG201 Omsetjing: Teori og praksis

Emnekode: 
ENG201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Translation studies
Emnenavn på bokmål: 
Omsetjing: Teori og praksis
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

ENG141 Grammatikk og leksikologi

ENG142 Litteratur og kultur etter 1900

ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk

eller

ENG141 Grammatikk og leksikologi

ENG142 Litteratur og kultur etter 1900

ENG 144 Litteratur og kultur før 1900

 

Om emnet

Emnet gjev studenten ei innføring i omsetjingsteori, historisk og notidig, og øving i praktisk omsetjing frå norsk til engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

- omsetjaren si stilling mellom kjeldespråk/kultur og målspråk/kultur

- ekvivalens og ikkje-ekvivalens

- teksttypar

- hjelpemiddel i omsetjingsprosessen

 

 

Ferdigheiter

Studenten kan

- analysere ein tekst for omsetjing i høve til dei oppsette kunnskapsmåla (kjelde vs. mål, ekvivalens, teksttypar)

- analysere ein omsett tekst i høve til dei oppsette kunnskapsmåla (kjelde vs. mål, ekvivalens, teksttypar)

- omsette tekstar av ulike typar og i høve til ulike målgrupper

Generell kompetanse

Studenten kan

- reflektere over etiske perspektiv i omsetjingsprosessen

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ansikt-til-ansikt-undervisninga i emnet er fordelt på fire samlingar på to dagar kvar. Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar (workshops) og individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

Arbeidskrav:

Studentane må levere tre omsetjingsoppgåver på mellom 300 og 400 ord. I samband med kvar omsetjing skal dei levere eit refleksjonsnotat på omlag 300 ord. I dette skal dei kommentere omsetjingstekstane og omsetjingsstrategiane som dei brukar utifrå teorien dei har studert så langt på emnet.

Alle innleveringane skal skje etter fristar fastsett av den emneansvarlege.

Ein vil få rettleiing på førsteutkastet så sant dette er levert til fastsett frist.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjetil Arve Myskja
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
2 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei innlevert eksamensmappe som består av:

tre omsetjingar (utan rettleiing) på 400 - 600 ord kvar

og

eit refleksjonsessay på 2000 ord (+/- 10%). I dette skal studentane kort drøfte grunnleggande tilnærmingar til omsetjingsprosessen, og kommentere omsetjingstekstane og omsetjingsstrategiane som er brukte utifrå teorien dei har fått del i gjennom heile emnet.
3000 ord - 4000 ord