Semestre

FAKH105 Tre og tradisjonsarbeid

Emnekode: 
FAKH105
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

FAKH104 og FAKH108

Om emnet

Emnet er eit av to valfrie emne i studieprogrammet Faglærar i formgiving, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor materialområdet tre, med vekt på ulike teknikkar. I tillegg vert det fokusert på presentasjon og formidling av eigne visuelle uttrykk, samt teori knytta til fagdidaktikk og undervisning.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten :

har kunnskap om korleis ein kan nytte estetisk og formal kunnskap i arbeid med tredimensjonal form.

har kunnskap om ulike materialar, teknikkar og verktøy til konkrete oppgåveløysingar.

har kunnskap om korleis bruke og stelle av trebearbeidingsverktøy, handverktøy og maskiner.

har kunnskap om designhistorie; ulike perspektiv, mellom anna det nordiske.

har kunnskap om korleis eit konkret produkt vert til, frå ide til ferdig form. har kunnskap om korleis dokumentere eigne arbeidsprosessar og presentere desse digitalt. har kunnskap om enkle funksjonsanalyse

har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng

Ferdigheiter

Studenten :

har ferdigheiter i å planleggje, designe, og presentere tanke- og arbeidsprosessar i eit funksjonsanalytisk perspektiv

har ferdigheiter om å arbeide med ulike materialar i ulike teknikkar ut frå eit funskjons- og miljøperspektiv.

har ferdigheiter i bruk og stell av utstyr, verktøy og maskiner har ferdigheiter om korleis ein kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar

har ferdigheiter om korleis ein kan utvikle forståing for estetiske verdiar knytt til kultur-og handverkstradisjonar

har ferdigheiter om korleis ein kan nytte emnet i ein fagdidaktisk – og tverrfagleg samanheng

Generell kompetanse

Studenten:

kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling

kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materialar og verkstader

kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid og omfattar skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk, kunsthandverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Første halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av forelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all verkstadundervisning. Om frammøte og deltaking i undervisninga viser ein til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
18
Emneansvarleg: 
Thorstein Vasset
Materialavgift

Material- og verkstadavgift: Studentane betaler ei materialavgift på kr. 700,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialer til eige eksamensarbeid. Det vert utlevert liste over utstyr/verktøy som studenten sjølv må skaffe seg ved semesterstart.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter