Semestre

GL1-7ENG1A Engelsk 1A

Emnekode: 
GL1-7ENG1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
English 1A
Emnenavn på bokmål: 
Engelsk 1A
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Engelsk kan vere eit fagval på 30 stp i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årssteget. Dei 30 studiepoenga i engelsk er fordelte over dei to første åra i utdanninga. Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt.Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Språk

  • Studenten har grunnleggjande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser og ordforråd, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • Studenten har grunnleggjande kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira
  • Studenten har grunnleggjande kjennskap til stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
  • Studenten har kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern.

Didaktikk

  • Studenten har kunnskap om korleis barn lærer språk i eit framandpråksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • Studenten har kunnskap om begynnaropplæring i engelsk og utfordringar i samband med overgangen frå begynnarstadiet til siste del av barnesteget
  • Studenten har kunnskap om verdien av grunnleggjande ferdigheiter for læring og utvikling, og for prosessar som kan fremje desse i engelskfaget
  • Studenten har kjennskap til gjeldande læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk.

Kultur

  • Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land, med særleg vekt på situasjon til barn og unge
  • Studenten kjenner eit utval tekstar for barn og unge.
Ferdigheiter

Språk

  • Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar og vere ein god språkmodell for elevane
  • Studenten kan bruke normer for akademisk tekstproduksjon.

Didaktikk

  • Studenten kan leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som fremjer utvikling av lytting, tale, lesing og skriving og eit gradvis større ordforråd for alle elevar
  • Studenten kan rettleie elevar i språkutviklinga deira gjennom å gjere dei medvitne om korleis språket er bygt opp, slik at dei kan gjere seg nytte av skilnader og likskapar mellom morsmålet og engelsk
  • Studenten kan nytte fagkunnskap didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning

Kultur

  • Studenten kan lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge
  • Studenten kan analysere og tolke viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land.
Generell kompetanse
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Arbeidskrav:

  • Ein kort tekst (350 ord)
  • Haust: Ei skriftleg prøve på tre timar (språk og kultur). Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
  • Vår: Ei skriftleg oppgåve (didatikk 1200 ord)

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist.
 Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava.
 Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i tråd med høgskulen sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk 1 (1-7) - videreutdanning for lærere
  • Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Engelsk-engelsk ordbok (det vil bli spesifisert til kva eksamensdelar) og Thesaurus/synonymordbok