Semestre
GL1-7ENG1B Engelsk 1B
Eksamen i GL1-7ENG1A Engelsk 1A må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen i Engelsk 1B.
Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Språk:
- Studenten har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
- Didaktikk
- Studenten har kjennskap til ulike læremiddel og lærebøker som kan brukast i opplæringa
- Studenten har forståing for det læringspotensialet som ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, representerer i barneskulen
- Studenten har kunnskap om tilpassa språkopplæring for den aktuelle aldersgruppa
- Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
- Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjer språkutvikling.
- Kultur
- Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land.
- Studenten kjenner eit utval litterære tekstar for born og unge i ulike sjangrar.
- Språk
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar. Dette emnet vektlegg særleg munnleg språkbruk og lydsystemet i engelsk
- Studenten kan bruke kunnskap om engelsk lydsystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
- Didaktikk
- Studenten kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
- Studenten kan bruke digitale verkty i arbeidet med å fremje språklæring og formidling av fagstoff
- Studenten kan planleggje, rettleie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov, og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
- Studenten kan utøve ein heilskapleg og læringsorientert vurderingspraksis
- Kultur
- Studenten kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land.
- Studenten kan bruke eigen litterære kompetanse til å reflektere over tekstar av ulikt slag
- Studenten kan leggje til rette for elevars arbeid med litterære tekstar.
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
- Eit studieopphald i utlandet, vanlegvis ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York. For studentar som ikkje har høve til å gjennomføre dette studieopphaldet, kan det erstattast med ei oppgåve over oppgitt tema.
- Ei skriftleg oppgåve på til saman 1500 ord (kultur og didaktikk)
- Ein munnleg presentasjon (10 min) (språk)
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist.
Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk 1 (1-7) - videreutdanning for lærere
- Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |