Semestre
GL1-7KRO1 Kroppsøving 1
Ingen
Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøvings som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar.Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving i ulike rørslemiljø, tilretteleggjing for leik og begynneropplæring i idrett, symjing, dans og friluftsliv står sentralt.Pedagogikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.
KUNNSKAPStudenten- har kunnskap om kroppsøvingsfaget sin eigenart- har fagleg og didaktisk kunnskap til å gjere avvegingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving for elevar på trinn 1-7- har kunnskap om leik, idrett og friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer i barn sin oppvekst- har kunnskap om eleven med utgangspunkt i teoriar om fysisk og motorisk utvikling, betyding av kjønn, sosial bakgrunn, etnisitet, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring- har betyding om korleis kroppsøving kan bidra til utvikling av dei grunnleggjande dugleikane; uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy i begynneropplæringa, og korleis det frå faget sin eigenart er naturleg å inkludere desse- har kunnskap om motorisk læring og betydinga av dette i barn si utvikling- har kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv- har forståing for kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekulturDUGLEIKARStudenten- kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav- kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing, friluftsliv, og tidsaktuelle rørsleformer som er aktuelle for trinn 1-7- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, læringsfremjande tilbakemelding og vurdering i kroppsøving- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø- kan utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatnGENERELL KOMPETANSEStudenten- kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet- kan bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
-
-
-
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga tilDet er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av: Alle kurs med praktisk aktivitet, der ein krev 80% frammøte totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs Kurs 5, Kystfriluftsliv, der ein krev 100% frammøte på overnattingstur. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med ekskursjonar i kurs 1, 5 og 7, samt fråvær frå heimen i inntil 3 dagar (kurs 5).Materialpengar: 400 krEmnet er samansett av følgjande kurs:Teoretiske kurs Kurs 1. Leik og sansemotorikk - Leik og leikemiljø som stimulerande og variert moglegheit for livsutfalding, meistring og sosialt samvær. - Observasjon og analyse av born i leik - Allsidig og grunnleggande rørsleerfaring sin betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit - Grunnleggande rørsler sin betyding for born og unge si deltaking i leik, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid. - Grunnleggande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge Kurs 2. Bevegelseslære 1 - Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding - Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar- Ergonomi Kurs 3. Pedagogikk i kroppsøving og idrett - Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving - Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper - Idrett og sjølvbilete - Læring i idrettsgrupper - Kropp, kultur og samfunn- Barne- og ungdomsidrettenPraktiske kursDidaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 4-10.Kurs 4. Praktiske aktivitar: Stup- Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn Turn- Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal Generell koordinasjon- Utvikling av generelle koordinative eigenskapar Kurs 5. Kystfriluftsliv- Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting Kurs 6. Symjing - Vasstilvenning - Opplæring i symjeartane bryst -, rygg- og frisymjing - Ballspel i vatn Kurs 7. Livberging - Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR- Livbergingsprøve Kurs 8. Orientering - Orientering i idrett og kroppsøving- Bruk av kart og kompass i ulike miljø Kurs 9. Friidrett- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar Kurs 10. Leik og idrettsaktivitetar - Kreativ læring - Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø- Grunnleggande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.