Semestre

GL1-7KRO2 Kroppsøving 2

Emnekode: 
GL1-7KRO2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Physical Education 2
Emnenavn på bokmål: 
Kroppsøving 2
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

GL1-7KRO1

Om emnet

Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøvings som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar.I Kroppsøving 2 vert fagets legitimering og historie utdjupa, og det blir arbeidd med å sjå kroppsøving i tverrfaglege samanhengar i skulen. I emnet inngår kunnskap om og erfaring med forsking og utviklingsarbeid knytt til begynneropplæring og kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Gjennom arbeidet med kroppsøving 2 skal studentane utvikle sjølvstendig refleksjon og vurdering av eiga undervisning.

Læringsutbytte

KUNNSKAPStudenten har kunnskap om kroppsøvingsfaget si utvikling og historie vurdering og dokumentasjon i lys av kroppsøvingsfaget sin eigenart forskings- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving trening, treningsprinsipp og treningsleiing eigna for ulike aldersgrupper kroppen i rørsle, spesielt med tanke på læring av kroppslege og idrettslege dugleikar DUGLEIKARStudenten kan vidareutvikle eigne kunnskapar ogdugleikar i leik, idrett, dans, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer med tanke på undervisning i kroppsøving vurdere rørslemiljø, aktivitet og trening eigna for ulike aldersgrupper vurdere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å forbetre undervisning og læring i kroppsøving gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid knytt til eigen lærarkompetanse i kroppsøving utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning i kroppsøving GENERELL KOMPETANSEStudenten kan arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving reflektere omkring kroppsøving som del av norsk kultur og i eit fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er samansett av følgjande kurs:Teoretiske kursKurs 1. Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk Innføring I fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar, og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet Kurs 2. Fysiologi og treningslære Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag Idrettsskadar Doping Praktiske kursKurs 3. Dans Dans ved hjelp av lyd, rytme og musikk Dans som samværs-, kommunikasjons- og treningsform Kurs 4. Ski Leik på ski Innføring i svingteknikk Kurs 5. Tilpassa opplæring Teoretisk innføringskurs om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd. Praktisk aktivitet for å få kunnskap og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis Kurs 6. Praktisk treningslære Bruk av enkel test- og registreringsutstyr (IKT) Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag Kurs 7. Ballspel Innføring i ballspela volleyball, handball, football og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk-metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for barn og unge, tillempingar for skulebruk, normer og reglar. Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner, og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til.Det er krav om 80% frammøte og aktiv deltaking til all obligatorisk undervisning slik det går fram av kvar einskild kursplan, jf.Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av: Kurs 4. Ski, der ein krev 100% frammøte/deltaking Kurs 5. Tilpassa opplæring, der ein krev 100% frammøte frammøte/deltaking.   Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i fagetStudentane må rekne med utgifter til transport og heiskort  i samband med undervisning i kurs 4. Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med utgifter til opphald, samt fårvære frå heimen i inntil fem dagar. Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350 kr i samband med Spenningskurset på Bjorli i kurs 5, i tillegg til fråver frå heimen i inntilseks dagar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
10
Emnet inngår i følgande studieprogram