Semestre

GL1-7MAT2B Matematikk 2B (1-7)

Emnekode: 
GL1-7MAT2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Matematikk 1A (GL1-7MAT1A) og Matematikk 1B (GL1-7MAT1B) eller tilsvarande.

Om emnet

Emnet utgjer, saman med Matematikk 2A (GL1-7MAT2A), den valbare påbygginga i matematikk i 3. året av studieprogrammet Grunnskulelærarutdanning 1-7. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.Tema i emnet er mellom anna bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning med døme henta frå geometri, tallære, funksjonslære, algebra og statistikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i og om matematisk teoridanning knytt til den systematiske oppbygginga av matematiske emne, blant anna plangeometri og talteori
  • har kunnskap om korleis kunnskap i matematikk vert utvikla gjennom undersøkingar og eksperiment og påfølgjande bevisføring
  • har kunnskap om ulike type matematiske bevis, argumentasjonsformer og modellar blant anna i algebra, funksjonslære og statistikk.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Delar av undervisninga kan bli gitt som nettundervisning i Adobe Connect (undervisning i sanntid).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane; det gjeld òg når desse er nettbaserte.

Arbeidskrav:

Tre innleveringsoppgåver.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Anne Øie