Semestre
GL1-7PEL1 Pedagogikk og elevkunnskap 1
Ingen
Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap. Innhaldet i emnet tek føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling, og tek utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læreplan, læring og undervisning. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til didaktikk og læringsmiljø, klasseleiing, profesjonsetikk og realisering av læreplanintensjonar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunskap om:
- læring og læreprosessar og utfordringar i læringsarbeidet
- klasseleiing og varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer i skulen
- samanhengar mellom læraren si leiing av læringsarbeid, utvikling av eit godt læringsmiljø og eit inkluderande læringsfellesskap
- begynnaropplæring
- dei grunnleggjande ferdigheitene som basis for læring
- bruk av digitale verktøy
- dei sentrale styringsdokumenta som regulerer skulen si verksemd, og om utfordringar som ligg i realiseringa av desse
- grunnleggjande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
- systematisk observasjon av elevane sitt læringsarbeid.
Studenten kan:
- planleggje, leie, variere og vurdere læringsarbeid
- leggje til rette for elevane si læring og utvikling av grunnleggjande ferdigheiter
- forklare samanhengar mellom fagleg innhald, arbeidsmåtar og vurdering
- reflektere over didaktiske moglegheiter med bruk av IKT
- gjennomføre læreplananalyse
Studenten kan:
- vurdere, rettleie og gi omsorg til den enkelte elev
- leggje til rette for motivasjon og uthald i læringsarbeidet
- forstå samanhengar mellom relevant forsking og moglegheiter i pedagogisk praksis.
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Alle arbeidskrav må vere fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Ei skriftleg gruppeoppgåve basert på observasjon av lærarrolla (maksimum 2000 ord)
- Ei skriftleg semesterprøve på tre timar.
- Ein individuell munnleg presentasjon
- Deltaking i seminar knytt til individuell munnleg presentasjon
Sensur vert gjennomført i samsvar med kapittel 5 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |