Semestre
GL1-7PEL3-D Pedagogikk og elevkunnskap 3 - Deltid
GL1-7PEL1-D og GL1-7PEL2-D
Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
skulen som kompleks organisasjon, om skulens rammefaktorar og om styringsstruktur
samarbeidet med kommande kollegaer i skulen, elevar, føresette og samarbeidspartnarar utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
sosialt, språkleg og kulturelt mangfald og korleis ein inkluderande skule kan legge til rette for elevar si læring og utvikling
overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg ungdomssteg
korleis skulen kan nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læreprosessar
sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, mellom anna om erfaringar frå den samiske historia, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
Studenten kan
kritisk analysere samhandlingar i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid i elevgrupper med ulik språkleg, sosial og kulturell bakgrunn
analysere og reflektere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og faglig utvikling
stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
Studenten
kan forstå korleis profesetiske val påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
kan fremme dialog og gjensidig respekt i læringsfellesskap prega av eit språkleg og kulturelt mangfald
har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppsedar i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Undervisninga går føre seg på nett og på samlingar ved HVO.
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 2500 ord
Ein individuell munnleg presentasjon med deltaking i seminar
Innlevering av tema for bacheloroppgåva
Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur vert gjennomført i samsvar med kapittel 5 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |