Semestre

GL5-10SAM1B2 Samfunnsfag 1B

Emnekode: 
GL5-10SAM1B2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Social studies 1B
Emnenavn på bokmål: 
Samfunnsfag 1B
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Samfunnsfag 1B inneheld om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. I geografi vert det lagt vekt på klima, levekår, regionar og regionalisering, nord-sør problematikk. I historie står konfliktar og samfunnsendring frå opplysingstida fram til i dag sentralt, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. I samfunnskunnskap vert det lagt særleg vekt på menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Sentrale tverrgåande perspektiv knytt til dei ulike områda vil vere forskingsforankring, digital kompetanse, grunnleggjande dugleikar og fleirkulturelle utfordringar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
  • kjenner til undervisingspraksis og -utfordringar i samfunnsfag på 5. -10. trinn
  • har kunnskap om historieforståinga og historiebruken til barn og unge
  • har kunnskap om barn og unges rettar, demokrati og politisk deltaking
  • har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • har kunnskap om klima, levekår og berekraftig utvikling i ulike deler av verda
  • har kunnskap om dei historiske hovudtrekka ved samfunnsutviklinga i Noreg og verda frå opplysingstida til i dag
  • har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • kan skildre og analysere livsformer og levekår i ulike deler av verda
  • kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
  • kan bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
  • kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • kan vurdere lærebøker og andre læremiddel kritisk til bruk i opplæringa
  • kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget
  • kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv med vekt på menneskerettar og demokratiske prinsipp.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
  • kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
  • kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjonar. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Det er obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å få framstille seg for eksamen, må studenten

  • skrive tre oppgåver kvar på 900-1 200 ord (ei i geografi og ei i samfunnskunnskap) og lage ei digital forteljing med refleksjonsnotat i historie.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Kari Aslaug Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer: 
 a. Skriftleg eksamen 
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
eller b. Munnleg eksamen. 
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert. 
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 13.10.16