Semestre
GL5-10SAM2B Samfunnsfag 2B
GL5-10SAM1A og GL5-10SAM1B eller tilsvarande
Samfunnsfag 2B omfattar om lag like deler geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn: Studiet tek opp tema som geografi, historie og samfunnsforhold på Island, i Kina og Afrika. Emnet er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar, og vektlegg ekskursjonsdidaktikk. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
- kjenner til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv
- kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
- har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
Studenten
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
- kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
- kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
- kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
- kan reflektere over og vise innsikt i geografiske, historiske og samfunnskunnskaplege prosessar
- kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
- kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
- kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
- kan meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Studenten
- kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
- kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
- kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
- har innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjon. Under føresetnad av stor nok deltaking, vert det gjennomført ekskursjon (friviljug deltaking). IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver, og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Alle studentane skal lage ei digital framstilling med ekskursjonsdidaktisk tema. Nærare detaljar om omfang og gjennomføring ved semesterstart.
For dei som er med på ekskursjon, er deltaking i førebuing og gjennomføring obligatorisk. Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet. Alle studentane skal levere prosjektskisse med problemstilling. For å få vurdert semesteroppgåva si med tanke på karakter, må studenten ha presentert arbeidet med oppgåva for studentgruppa i samsvar med undervisingsplanen.
Det er obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Rettleiinga er obligatorisk. Det vert gjeve ein førebels bokstavkarakter på heimeoppgåva. | Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Heimeoppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen. Eksamenen tek utgangspunkt i heimeoppgåva, men gjeld pensum for heile emnet. |