Semestre

HPE208 Rettleiing på kvantitativ metode

Emnekode: 
HPE208
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Studiet er for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda.

Om emnet

Formålet med emnet er å gje studentane praktisk og teoretisk innsikt i kvantitativ forskingsmetode. Målgruppene for emnet er både rettleiarar til masterstudentar som vel å gjennomføre ei kvantitativ datainnsamling og forskarar som skal lese og sette seg inn i kvantitativ forsking. Det vert lagt vekt på bruk av digitale hjelpemiddel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • ha god innsikt og handlingskompetanse i å forstå og rettleie på kvantitative studiar
  • ha kunnskap om viktige omgrep innanfor kvantitative metodar
  • ha kunnskap om ulike dataprogram nytta som hjelpemiddel i kvantitative studiar
  • ha kunnskap om god presentasjon av kvantitativ forsking
Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • kunne gjennomføre ein kvantitativ studie der ein nyttar kvantitativ dataanalyse
  • kunne gje fagleg rettleiing til studentar i å gjennomføre og presentere kvantitativ forsking
Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • kunne forstå kvantitative studiar
  • kunne rettleie studentar i arbeidet med kvantitative studiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er lagt opp med vekt på deltakaraktivitet. Undervegs vil deltakarane arbeide med praktisk øving, med respons frå både faglærar og medstudentar.

Undervisninga er totalt fire dagar. Mellom undervisningsøktene arbeider deltakarane med ulike oppgåver knytt til emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Oppmøte på samlingane er minimum 80 %, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

1. Presentasjon av ein forskingsartikkel som nyttar kvantitativ metode. Munnleg presentasjon individuelt eller i par.

2. Kvantitativ analysearbeid der ein nyttar ein programvare som er utvikla for statistikk (f. eks. SPSS, rekneark e. l.) Individuell oppgåve på om lag 1000 ord.

Arbeidskrava må vere godkjent for at studenten skal framstille seg til sluttvurdering. 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
Stått eller ikkje stått
2000 ord +/- 10 %
Godkjent av: 
Arne Myklebust