Semestre

IDK151N Innføring i blokkprogrammering

Emnekode: 
IDK151N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to block programming for teachers
Emnenavn på bokmål: 
Innføring i blokkprogrammering
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Å programmere med blokkar er ein måte å lage kode som er spesielt egna for yngre elevar og nybegynnarar innan programmering. I dette emnet vil du lære blokkbasert programmering. Vi vil bruke dei vanlegaste appane i bruk i skulen i dag, og det vil bli mogleg å tilpasse studieløpet til eigne undervisningsfag, trinn, interesser og tilgjengeleg utstyr. 

I løpet av studiet vil du få kjennskap til grunnleggjande element innan programmering, som til døme løkker, variablar, operatorar og funkjsjonar. Du vil og lære om algoritmisk tenking og korleis eit dataprogram er bygd opp. Du vil øve på teknikkar for å lese og feilsøkje kode, og få ein stor verktøykasse med didaktiske metodar for å undervise i programmering på ein kreativ og variert måte. 

Emnet er særleg relevant for lærarar i grunnskulen som underviser i fag med programmering i læreplanen, men også andre som ønsker å inkludere programmering i sin undervisning. Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske .

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne

  • kjenne til grunnleggjande element innan programmering, og korleis eit dataprogram er bygd opp.
  • Drøfte korleis ein kan fa ein fagleg fundert undervisning i programmering, ved bruk av algoritmisk tenking og andre didaktiske metodar.
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • Lese, feilsøkje og sjølv lage enkle program ved hjelp av blokkprogrammering.
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • Bruke blokkbasert programmering i eigen undervisning, og reflektere kring eigen praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skulen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på 1500 ord (+/- 10%), eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2.000,-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret.