Semestre
IDK153N Programmering i musikkundervisning
Ingen.
Dette emnet gir ei innføring i programmering for bruk i musikkfaget i skulen. Ved å trekke linjene til musikkfaget sin teknologiske tradisjon, har faget som mål å kople det etablerte med det nye i musikkfaget etter LK20. Grunnleggande prinsipp i programmering vert introdusert både for å kunne oppleve, lage og utøve musikk. Emnet vil også kople didaktiske perspektiv frå programmering med didaktiske perspektiv frå musikkfaget og gjennom eit utviklingsarbeid vil studenten i emnet jobbe målretta med sin pedagogiske praksis. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis (undervisningskontekst), t.d. tekstbaserte miljø for ungdomstrinn eller vidaregåande skule, blokkbaserte programmeringsmiljø eller programmering utan datamaskin for små- og mellomsteget i barneskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- er kjent med kvifor og korleis programmering kan vere ein del av musikkundervisning
- har god kjennskap til grunnleggjande element i programmering for bruk i eigen undervisningskontekst.
- har kunnskap om programmeringsdidaktikk relevant for undervisning i musikk
Kandidaten
- kan planlegge, utforme og feilsøke programkode for å lage og utøve musikk i eit undervisningsrelevant programmeringsmiljø
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid knytt til programmering og eigen musikkundervisning
Kandidaten
- kan reflektere over musikkundervisning sett i lys av teknologisk utvikling
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt eller i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skapande og utøvande musikkpraksis.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav som vert spesifisert i semesterplanen. Arbeidskrava kan utarbeidast og innleverast individuelt eller i grupper, etter avtale med emneansvarleg. Omfanget på arbeidskrava vil svare til 1500 ord (+/- 10%) som skrift, eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Ved gruppeinnlevering aukar omfanget med 750 ord eller 3,5 minutt, per student frå og med student nr.2. Arbeidskrava utgjer grunnlaget for eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2.000,-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 % | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld utdrag frå arbeidskrava i emnet, med refleksjon knytt til utval og korleis arbeidskrava er vidareutvikla til eksamensprodukt. Levering av eksamen som gruppe skal avtalast med emneansvarleg i samband med innlevering av arbeidskrav. |