Semestre

IDK154N Programmering med mikrokontrollere

Emnekode: 
IDK154N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Teaching with microcontrollers
Emnenavn på bokmål: 
Programmering med mikrokontroller
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I dette emnet vil studentane få erfaring med å programmere mikrokontrollerar, korleis dei kan brukast til å styre elektriske kretsar og enkle robotar og korleis metodar for produktutvikling kan brukast til å lage prototypar der mikrokontrollerar vert teke i bruk.

Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som ønsker å bruke mikrokontrollerar i si undervisning. Faget er særskilt relevant for dei som undervisar i kunst & handverk, naturfag og matematikk.

Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne

  • Forklare kva ein mikrokontroller er og korleis den brukast, og kjenne til mikrokontrollerar for bruk i undervisning.
  • Kjenne til didaktiske metodar for undervisning i programmering med mikrokontrollerar.
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • Lage elektriske kretsar med fleire komponentar, og styre kretsane ved å programmere ein mikrokontroller.
  • Planlegge og gjennomføre eit undervisningsopplegg med mikrokontrollerar.
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • Ta i bruk mikrokontrollerar i undervisning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje bade praktisk programmering, didaktisk refleksjon og tekstbasert programmering sin plass i skulen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 

 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget pa oppgavene vil samla vere pa 1500 ord (+/- 10%), eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Desse oppgavene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2.000,-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgavene fra semesteret.