Semestre
IDK156N Robotar i læringsarbeid
Ingen.
Robotar i læringsarbeid (Educational robotics) er ei spanande undervisningsmetode som legg vekt på elevaktiv læring og praktiske erfaringar. Robotar nyttast særskilt i programmeringsundervisning, teknologi, matematikk og naturfag, men tematikken er også veldig relevant for kunst & handverk og læringsarbeid i skaparverkstad.
I emnet legg vi vekt på nyskaping, kreativitet og tverrfagleg aktivitet. Du får ein introduksjon til robotar i samfunnet og skulen, og om sentrale læringsteoriar på feltet. Målgruppa er lærarar på mellomtrinnet, ungdomsskole og VGO som ynskjer å utvikle eiga undervisning og få ny inspirasjon.
Studenten velg sjølv kva robot ein ynskjer å nytte i undervisninga, som til dømes Micro:bit og Bit:bot, Spike PRIME eller liknande. Emnet kan gjerne kombinerast med deltaking i robotkonkurransar som First Lego League eller Super:bit-kampen. Det er anbefalt å ha grunnleggande kunnskap i programmering, og i eksempel og øvingar vil vi nytte blokkbaserte programmeringsspråk.
Som student får du tett fagleg oppfølging, og vi legg til rette for samarbeid og deling. Til eksamen leverer du ei eksamensmappe basert på arbeidskrava i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
- beskrive ein robot, og korleis den fungerer.
- vise grunnleggande kunnskap om robotikk i samfunnet, skulen og i læringsarbeid.
- drøfte bruk av robotar i læringsarbeid i lys av relevante læringsteoriar og pedagogiske modellar, som for eksempel Konstruksjonismen.
Kandidaten skal kunne
- utforske, bygge, programmere og bruke robotar i eiga undervisning, gjerne på nyskapande, leikne og kreative måtar.
- Reflektere rundt, utfordre og utvikle eigen undervisningspraksis.
Kandidaten skal kunne
- fremje elevane sine framtidskompetansar og motivasjon for læring, gjennom bruk av robotar i læringsarbeid
Emnet er eit nettstudium, vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver.
Frammøtekrav: Det er ikkje noko krav om frammøte - emnet er nettbasert.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med to (2) obligatoriske arbeidskrav som vurderast som godkjend/ ikkje godkjent. Arbeidskrava og eksamen vil bestå av ein praktisk del og ein teoretisk del. Desse oppgåvene utgjer og grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt. Omfanget på eksamen vil svare til 1500 ord (+/- 10%) Studentane får tilbakemelding på arbeidskrav. Om eit arbeidskrav vert vurdert til «Ikkje godkjent» etter første levering, vil studenten få ny frist for levering av ein revidert versjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat. |