Semestre
IFL102 Pedagogikk, idrett og samfunn
Ingen
Emnet er samansett av desse kursa: Kurs 1. Idrettspedagogikk - Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving - Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper - Idrett og sjølvbilete - Læring i idrettsgrupper - Kropp, kultur og samfunn- Barne- og ungdomsidrettenPraktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 2, 3, 4 og 5.Kurs 2. Symjing og livberging Symjing - Vasstilvenning - Opplæring i symjeartane bryst -, rygg- og frisymjing - Ballspel i vatn Livberging - Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR- Livbergingsprøve Kurs 3. Leik og idrettsaktivitetar - Kreativ læring i idrett og kroppsøving - Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø - Leik- Grunnleggjande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge Kurs 4. Orientering - Orientering i idrett og kroppsøving- Bruk av kart og kompass i ulike miljø Kurs 5. Friidrett- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tilegna seg kunnskap om:- og kritisk kunne forholde seg til idrettspedagogiske teoriar og praksis- og innsikt i ulike tilnærmingar til læring, motivasjon og leiing i idrett og skule- idrett og sjølvbilete- idrett som samfunnsvitskapleg fenomen før og no- den organiserte barne og ungdomsidretten- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 2, 3, 4 og 5- korleis ilandføre og utføre HLR etter gjeldande normEtter å ha fullført studiet skal studentane ha tileigna seg ferdigheiter i:- å ta seg fram og legge til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass- i å ilandføre og gjennomføre HLR- å leggje til rette for læring i dei praktiske aktivitetane under kurs 2, 3, 4 og 5 for barn og unge- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa 2, 3, 4 og 5
-
-
-
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til.Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i alle kurs, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av Kurs 2, Symjing og livberging, der ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i fagetStudentane kan rekne med å få utgifter til transport i samband med ekskursjonar i kurs 4Materialpengar: 200 kr.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem