Semestre

IFL103 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk

Emnekode: 
IFL103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er samansett av desse kursa: Kurs 1. Fagdidaktikk - Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv. - Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing. - Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge. - Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv. - Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet. Kurs 2. Dans  - Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.- Dans som samværs -, kommunikasjons – og treningsform. Kurs 3. Ski - Leik på ski- Innføring i svingteknikk. Kurs 4. Tilpassa opplæring - Teoretisk innføringskurs om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd. - Praktisk aktivitet for å få kunnskap om og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tileigna seg kunnskap om: - og kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon  - praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader - å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktisk – metodisk opplegg i utvalde aktivitetar- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 2, 3 og 4Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tileigna seg ferdigheiter i: - og erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon- å leggje til rette for læring i dei praktiske aktivitetane under kurs 2, 3 og 4 for barn og ungdom med ulike føresetnadar- å kunne utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa 2, 3 og 4

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein varierer mellom gruppe-, individuelt arbeid, praksis, seminararbeid, aktivitetar i sal, i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, og bruker varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til.Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i alle kurs, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av 100 % frammøte i kurs 3 og 4.Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.Studentane må rekne med utgifter til transport og heiskort i samband med skiundervisning i kurs 3. Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med utgifter til opphald, samt fråvær frå heimen i inntil fem dagar.Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350,- i samband med kurs 4 Tilpassa opplæring på Bjorli, samt fråvær frå heimen i inntil 6 dagar.Materialpengar: 200 kr.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
50
Emnet inngår i følgande studieprogram