Semestre

IFL201 Prestasjonsutvikling

Emnekode: 
IFL201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IFL101 Motorisk læring
IFL104 Treningslære
Om emnet

Ved fullføring av emnet skal studenten kunne drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet, bevegelse og idrettspsykologi for individ på ulike nivå. Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kompetanse innan utvikling av prestasjon. Det vert tett kopling mellom teori og praksis. Kurs 1. Treningslære - Analyse av arbeidskrav og kapasitet innan individuell idrett og lagidrett. - Testing av fysisk kapasitet.- Fysiologiske tilpassingar ved trening for prestasjonsutvikling i idrett. Kurs 2. Bevegelseslære - Teoretisk og praktisk innføring i teknikk og bevegelsesanalyse i utvalde idrettar. Kurs 3. Idrettspsykologi. - Effekten av mentale ferdigheiter i eit idrettsperspektiv. - Motivasjonens betyding for prestasjon. - Konkurranse (konkurranseplan, førebuing, gjennomføring, evaluering, praktiske eksempel) innan idrett.- ”Gruppeprosessar - coaching” i livssituasjon, trenings- og konkurransesituasjon.Emnet inngår som obligatorisk del av Bacholor I Idrett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

• Kunnskap til å planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon.

• Kunnskap om arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar.

• Kunnskap innan metodar for testing av fysisk kapasitet.

• Kunnskap til å analysere bevegelsar med fokus på funksjonell teknikk.

• Kunnskap til å kunne reflektere over effekten av mentale ferdigheiter i eit idrettsperspektiv.

• Kunnskap om motivasjon si betyding for prestasjon innan idrett.

• Kunnskap om mentale prosessar i høve prestasjon.

Ferdigheiter

Studenten har

• Ferdigheiter til å planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon.

• Ferdigheit til å utarbeide arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar.

• Ferdigheiter innan metodar for testing av fysisk kapasitet.

• Ferdigheiter til å analysere bevegelsar med fokus på funksjonell teknikk.

• Kunnskap til å kunne reflektere over effekten av mentale ferdigheiter i eit idrettsperspektiv.

• Kunnskap om motivasjon si betyding for prestasjon innan idrett.

• Ferdigheit til å gjennomføre mental trening med fokus på betring av prestasjon.  

• Ferdigheiter til å vurdere mentale prosessar knytt til trening og  prestasjon.

Generell kompetanse

Studenten har

• Kunnskap og ferdigheiter til å sjølvstendig analysere rørsler, fysiske og mentaleferdigheiter, vurdere, planlegge og gjennomføre fysisk og mental trening med tanke på betring av prestasjon.

• Evne til refleksjon og kritisk tenking med tanke på tilpassing til ulike nivå og individ. 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Innanfor prestasjonsutvikling vil både lagidrettar og individuelle idrettar ha fokus, og studentane skal jobbe sjølvstendig og kritisk til idrettsfaglege problemstillingar. Studiearbeidet vil veksle mellom forelesing / plenumsdrøftingar, seminar, individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske prosjekt, ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø/symjehall/sal/ treningsrom / testlab. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar.Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i Kurs 2. Bevegelseslære. IKTFronter vert nytta for kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplanen gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet. 

Eit skriftleg laboratoriearbeid i grupper på 2-3 studentar. Omfang ca 1500 ord.

Ei gruppevis (2 pr. gruppe) skriftleg analyseoppgåve i bevegelseslære med utgangspunkt i observasjon. Omfang ca. 1500 ord.

Ei gruppevis (2 pr. gruppe) analyseoppgåve i bevegelseslære med hjelp av video og videoanalyseprogram. 30 minutt munnleg presentasjon av analyseoppgåva for resten av klassa.

Eit skriftleg arbeid med utgangspunkt i idrettspsykologi. Omfang ca. 1500-2000 ord.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kjetil Laurits Høydal
Materialavgift

Kr 200 som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Idrett fordjupning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Individuell semesteroppgåve
Alle
ca 3500 ord, referanser og vedlegg kjem i tillegg
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Digital eksamen. Individuell skriftleg skuleeksamen i idrettspsykologi.
Godkjent av: 
Aud Folkestad