Semestre
INF132 PR og kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori
Ingen
Emnet bygger på innføringskurset i PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar (INF131). Teoridelen gir innsikt i planlegging og leiing av prosjektarbeid gjennom bruk av døme frå arbeidslivet. Det blir gitt tilbod om ein fagleg ekskursjon med besøk til aktuelle PR- og kommunikasjonsmiljø.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har kunnskap om modellar om prosjektarbeid
- har grunnleggande forståing frå arbeidsliv
Kandidaten
- kan leie, planlegge, gjennomføre og presentere eit mindre kommunikasjonsprosjekt forankra i relevant teori
Kandidaten
- kan organisere, delta i og leie ei prosjektgruppe
- kan drøfte problemstillingar knytt til tverrfagleg samarbeid i arbeidslivet
- kan nytte ulike verkty for å utvikle idéar, analysere/nytte design og for å visualisere kreative konsept
Førelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlige og praktiske oppgåver.
Det er obligatorisk deltaking under gjesteførelesingar og i praktiske øvingar, samt framføringar.
Frammøtekrav:
- Obligatorisk deltaking under gjesteførelesingar, i praktiske øvingar og framføringar
- Oppmøtekravet er minimum 80 prosent deltaking
Arbeidskrav:
- Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Refleksjonsnotat | 1000-2000 ord |