Semestre

JON213 Praksis i nettavis - fordjuping

Emnekode: 
JON213
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar.
I tillegg må studentane ha bestått praksisemne frå både første og andre studieår.

Dette fordjupingsemnet bygger på JON111 Praksis i nettavis eller WD201 Web Documentary eller UJ201 Undersøkande journalistikk. 

Det er begrensa med plassar på dette emnet. Kvalifiserte studentar søkjer seg inn på emnet gjennom undervisningsopptaket. Det blir sendt ut eigen informasjon om tidsrom og fristar for gjennomføring av undervisningsopptaket. Dersom det blir konkurranse om plassane vil søkjarane blir rangert etter karakterane på JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar og bli tildelt plass på bakgrunn av dette karaktergrunnlaget. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV123 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt.

Om emnet

Dette fordjupingsemnet byggjer vidare på dei grunnleggjande ferdigheitene frå JON111 og gjev studentane ei djupare forståing av nett-journalistikk, med særleg fokus på lengre format og avanserte forteljeteknikkar. Gjennom både teoretisk undervisning og praktisk arbeid vil studentane utforske temajournalistikk, sjangerforståing, dramaturgi og fleirmediale forteljeteknikkar. Emnet sin hovuddel består av ei seks veker lang intern praksisperiode, der studentane dagleg produserer og publiserer innhald for ulike plattformer, med eit særleg fokus på større redaksjonelle prosjekt. Studentane vil også få brei erfaring i redaksjonelle roller og aktivt delta i evaluering og diskusjon av det journalistiske arbeidet. Emnet legg vekt på å utvikle studentane si evne til sjølvstendig arbeid og refleksjon over eigne og andre sine produksjonar, samstundes som dei styrkar sine tekniske og redaksjonelle ferdigheiter.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har 

  • god kunnskap om dramaturgiske modellar og forteljeteknikkar for lengre format innan nett-journalistikk.
  • god innsikt i etiske og juridiske rammer, samt sjangerval for nett-produksjonar.
Ferdigheiter

Studenten kan

  • sjølvstendig bruke dramaturgiske modellar for å utvikle, produsere og publisere komplekse nett-saker.
  • arbeide effektivt med fleirmediale produksjonar, og integrere innhald tilpassa ulike plattformer.
  • vurdere og rapportere direkte frå hendingar i sanntid med høg teknisk og redaksjonell kvalitet.
  • delta aktivt i redaksjonelle prosessar, inkludert evaluering og tilbakemelding på journalistisk arbeid.
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere kritisk og sjølvstendig over komplekse problemstillingar innan nett-journalistikk, med fokus på etikk, jus og sjangermessige vurderingar.
  • ta ei leiarrolle i redaksjonelle miljø, og bidra til profesjonell arbeidsflyt, evaluering og forbetring av produksjonar med høg journalistisk kvalitet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. I tillegg ei veke med praksisførebuande undervisning.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  1. Produksjonar i internpraks
  2. Praksislogg
  3. Evaluering av emnet

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.

Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • antall
  • omfang
  • frist
Sensorordning
Maksimumstal: 
22
Emneansvarleg: 
Hild Nordal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Innlevering av reportasje for nett, med metoderapport.
Alle
Metoderapport 2000-2500 ord.
Godkjent av: 
Kate Kartveit