Semestre
KRO1A-KFK Kroppsøving i skulen
Ingen.
Dette er eitt av to emne i studieprogrammet Kroppsøving 1-10, Kompetanse for kvalitet. Desse to emna kvalifiserer for undervisning i kroppsøving frå 1. til 10. trinn. Gjennom studiet skal studenten utvikle seg som tilretteleggar for læring i kroppsøving og det har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte.
Emnet skal førebu studenten i å leie elevar i både utforskande prosessar og regelstyrte aktivtetar som gir mulighet for mestring ut frå eleven sine føresetnader. Som ein del av dette skal studenten jobbe med både praktiske og teoretiske tilnærmingar til faget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om gjeldande læreplan i kroppsøving, faget sin eigenart, legitimering og korleis faget heng saman med andre skulefag.
- kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving
- kunnskap om tilpassa opplæring og inkludering i kroppsøving.
- kjennskap til barn og unge si utvikling, og til motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i kroppsøving.
- kunnskap om ulike undervisningsmetodar og aktivitetar i kroppsøving.
- kunnskap om trening, livsstil og helse.
Studenten kan:
- planlegge, gjennomføre og vurdere variert undervisning i kroppsøving i samsvar med læreplan.
- kan legge til rette for og leie læringsarbeid gjennom aktivitetar som til dømes symjing, livberging, leik, orientering, friluftsliv og alternative bevegelsesaktivitetar.
- kan utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar i kroppsøving.
- kan identifisere farer og ivareta elevane si sikkerhet i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø.
- kan utforske kroppslege uttrykk samt leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt.
Studenten kan:
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av egen profesjonalitet
- bruke tilpassa opplæring som en integrert del av arbeidsmåten i faget
- nytte relevant digital kompetanse i kroppsøving
- bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Emnet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar på Høgskulen i Volda. Samlingane skal sikre at studentane får eigne kroppslige erfaringar og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Det blir annakvar veke lagt ut nye nettleksjonar knytt til teori og planlegging av undervisning.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verktøy og læringsressursar vert vektlagt.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6
Arbeidskrav:
Gjenomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |