Semestre

MGL1-7FOUNO FoU-oppgåve i norsk

Emnekode: 
MGL1-7FOUNO
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
MGL1-7NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL1-7NO1B Norsk 1B: Begynnaropplæringa i lesing og skriving
Om emnet

FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt forskingsarbeid i norsk didaktikk i tredje studieår. Den skal ta for seg ei problemstilling som er sentral i læraryrket og for norskfaget i grunnskulen. 

Gjennom arbeidet med FoU-oppgåva skal studentane få erfaring med sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon. Oppgåva skal skrivast i samsvar med allmenne krav til vitskapleg arbeid. Eit viktig grunnlag for dette arbeidet er ei innføring i sentrale område innan vitskapsteori og forskingsmetode.

Studentane får rettleiing i arbeidet med FoU-oppgåva. Val av tema og problemstilling vert gjort av den enkelte student i samråd med faglærarar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking
  • har kunnskap om temaet som den einskilde har fordjupa seg i 
Ferdigheiter

Studenten

  • har tileigna seg ferdigheiter i akademisk skriving
  • kan bruke relevant forsking i formidlinga av eit samansett fagstoff om det valte emnet
  • kan drøfte og ta del i faglege diskusjonar om eige og andre sitt FoU-arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
  • kan ta del og engasjere seg i debattar om norskdidaktikk og læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert slik at studenten skal kunnskapar og ferdigheiter gjennom å delta på undervisning, rettleiing og seminar, og arbeide med eiga FoU-oppgåve. 

Det er obligatorisk undervisning. Det er også obligatorisk rettleiing på arbeidet med FoU-oppgåva. Studentar skal delta aktivt i all rettleiing. Studenten skal også presentere FoU-prosjektet sitt på FoU-seminaret for medstudentar og faglærarar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Skriftleg utkast til tema og kunnskapsgrunnlag
  2. Munnleg presentasjon av FoU-oppgåva på FoU-seminaret 
  3. Innlevering av fyrsteutkast av FoU-oppgåva
  4. Deltaking på rettleiing av FoU-oppgåva

Det er obligatorisk frammøte til all undervising i emnet.

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student har to forsøk til å få godkjent eit arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Randi Neteland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
4000 ord (+/- 10 %)
Godkjent av: 
Silje Ims Lied