Semestre
MGL1-7NO3C Lese- og skrivekunne
Emnet vektlegg forsking på den første lese- og skriveopplæringa, språkutvikling og lesing og skriving som grunnleggjande kompetansar i eit begynnarperspektiv. Vidare tek studiet for seg ulike perspektiv på literacy-omgrepet, og korleis ein kan utvikle engasjement og kritisk tenking for ulike elevgrupper frå 1.-7. klasse. Sentrale studiefelt vil vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne på bokmål og nynorsk, arbeid med multiple tekstar, leseforståing, lesestrategiar og munnleg kompetanse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert profesjonsretta kunnskap i norskfaget om literacy og lesing og skriving som læringsreiskapar i norskfaget på barnesteget
- har inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse i byrjaropplæringa
- har inngåande kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i byrjaropplæringa i eit mangfaldig klasserom
- har inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål.
- har kunnskap om varierte arbeidsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging kan medverke til god læring
- kan utvikle kunnskap om korleis elevar handsamar ulike kjelder kritisk på internett og ulike medium for å fremje djupnelæring
- har forskingsbasert kunnskap om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv
Studenten
- kan utvikle, gjennomføre og evaluere fagleg forankra og forskingsbasert opplæring innan lese- og skriveopplæringa, med vektlegging av begynnaropplæringa og mellomsteget
- kan rettleie ulike elevgrupper i lesing og skriving, og vurdere kompetansen deira
- kan vurdere kjelder kritisk, og bruk av ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
- kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei didaktisk i begynnaropplæringa
Studenten
- Beherskar uttrykksformene til norskfaget og kan formidle fagleg avansert forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det vil bli munnlege presentasjonar og vurdering av tekst.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav:
- Førebuing til og gjennomføring digital munnleg presentasjon på 15 min. av ein sjølvvald artikkel frå litteraturlista. Studenten skal presentere og reflektere over denne i lys av eigen praksis og/eller anna faglitteratur. Det skal også leverast ein skriftleg tekst i form av støtteark eller ein Powerpoint som støtte til den munnlege presentasjonen som også blir vurdert til stått/ikkje stått.
- I tillegg skal studenten vere opponent til ein medstudent sin presentasjon og kommentere og reflektere kritisk konstruktivt gjennom munnleg og skriftleg respons. Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 2 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Skriftleg heimeoppgåva på om lag 4000 ord (+-10%). Alle skal skrive på nynorsk | Alle. | 4000 ord |