Semestre

MGL1-7PR2B Praksis 2B, 10 dagar

Emnekode: 
MGL1-7PR2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PR2A Praksis 2A, 15 dagar
Om emnet

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn. Praksis i andre studieår er delt inn i to sjølvstendige emne med avsluttande vurdering i begge. Praksis 2B har hovudfokus på læraren si tilrettelegging for læring av fag. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser. 

Praksis er knytt til valfaget studenten har i dette semesteret og praksisen kan difor ha annleis organisering og gjennomføring enn dei andre praksisperiodane. Dette vil gå fram av semesterplanen.

Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og førset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Studentane skal ha praksis i dei undervisningsfaga som er valt i studieprogrammet. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

Læringsutbytte

I tillegg til læringsutbytte i praksis frå tidligare år og i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring og tidleg innsats
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning for elevar i 1.-7.klasse med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
  • kan bruke relevante digitale verktøy i undervisninga
  • kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
  • kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga 
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng 
  • kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksis i vårsemesteret i andre studieår er ein praksis med vekt på fag studenten tek dette semesteret.

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden på 10 dagar.

Før og etter praksisperioden er det obligatoriske praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Manglande frammøte vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis.

Arbeidskrav:

Følgande arbeidskrav skal vere gjennomført og godkjent:

  1. Gruppevis munnleg og digital presentasjon med drøfting av sentrale erfaringar knytt til tilrettelegging for læring av fag i praksisperioden.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Vurdering: Stått eller Ikkje stått

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter praksisperioden skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanningane.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden.

Etter praksisperioden skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanningane.
Godkjent av: 
Anne Øie