Semestre
MGL1-7SP1 Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 1-7 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, og utgjer 15 studiepoeng.
Dette emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning. Det skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som ikkje har utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som karakteriserer forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 1.-7. klassetrinn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha kunnskapar om:
- spesialpedagogikk som fagfelt og innhaldet i sentrale omgrep
- den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
- ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
- kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat med eit særleg blikk på tidleg innsats
- korleis elevar som får spesialundervisning opplever og vurdere skulen og opplæringa
- sambandet mellom ordinær opplæring og spesialundervisning
- gode overgangar mellom barnehage og skule, mellom dei ulike klassestega, og mellom mellomtrinn og ungdomstrinn for elevar med særskilte behov
Studenten skal kunne
- samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på 1.-7. trinn
- gjere faglege refleksjonar rundt innhald i faglitteratur og forskinsglitteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
- analysere og vurdere spesialpedagogiske problemstillingar og tiltak i profesjonsutøvinga
Studenten skal ha
- god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen
- god forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
- god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Studentane skal gjennom ei forskingsbasert tilnærming gjennomføre eit feltarbeid i skulen på 1.-7. trinn som vert utgangspunkt for ein prosess fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva). Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
1. Krav om 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning
2. Gjennomføre eit feltarbeid i skulen og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar,
3. Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei skriftleg oppgåve basert på feltarbeidet | Ingen. |