Semestre

MGL5-10MA1B Matematikk 1B: Geometri, statistikk, sannsyn og funksjonar

Emnekode: 
MGL5-10MA1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette emnet er andre del av Matematikk 1 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5-10 trinn, med særleg vekt på ungdomstrinnet. 

Emnet er erfaringsbasert og forskingsbasert, og har difor ei tett kopling til praksisfeltet og høgskulen sine prosjekt knytt til klasseromforsking. Innhaldet er basert på dei nasjonale retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10.  Matematiske tema i emnet er geometri, statistikk, sannsynsrekning og funksjonar. Bruk av digitale verkty, tilpassa opplæring og vurdering er andre sentrale tema i emnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten 

  • har undervisningskunnskap i dei matematiske tema geometri, statistikk, sannsynsrekning og funksjonar for 5.-10.trinn
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike trinna i grunnskulen, på første året i vidaregåande skule og om overgangane mellom dei ulike trinna
  • har kunnskap om representasjonsformer, interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel i matematikk, mellom anna digitale verkty som rekneark og dynamisk geometriprogram. 
Ferdigheiter

Studenten   

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar, argument og bevis
  • kan kartlegge, analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar
  • kan vurdere elevane si læring og måloppnåing med og utan karakterar, og bruke vurdering for å fremje læring og tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for læring både for lågt- og høgtpresterande elevar 
  • kan bruke digitale verkty i eiga undervisning og i eige studium 
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
  • har innsikt i kva matematikkfaget har å seie for utvikling av kritisk demokratisk kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og forelesingar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring. 

Emnet har ei tett kopling til praksisfeltet ved at det blir arbeidd systematisk med studentane si praksiserfaring. Vidare vert studentane introdusert for arbeidsmåtar som krev innsamling og analyse av datamateriale frå praksisfeltet. Resultata frå slike studentarbeid skal nyttast i erfaringsdeling mellom studentar, høgskulen og praksisskulane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.  

Arbeidskrav:

Tre didaktiske oppgåver. Ei av oppgåvene vil vere knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis. Omfanget på oppgåvene skal vere på 500-1000 ord.

Ei skriftleg prøve på 3 timar i matematikkfaglege tema.  

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Øyvind Roger Halse
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
40 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Hjelpemiddel:
- Didaktiske refleksjonsoppgåver
- Læreplanen i matematikk
- Kalkulator
- Rekneark
- GeoGebra