Semestre
MHE101 Mat i eit helseperspektiv
Ingen.
Emnet er det første av to i studieprogrammet Mat og helse 1 (1-10), og er eit vidareutdanningstilbod som skal førebu lærarar til å undervise i faget mat og helse i grunnskulen.
Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter om mat og måltid sin helsefremjande og sosialt utjamnande dimensjon, som vidare skal gjere barn og unge i stand til å lage mat og å foreta gode kosthaldsval.
Emnet legg vekt på praktisk matlaging og andre elevaktive læringsformer, og fagleg utvikling innan desse. Gjennom emnet skal studentane utvikle kompetanse innanfor helsefremjande kosthald, berekraftige matvanar og forbruk og mat som identitets- og kulturuttrykk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om hovudpunkt i faget si historie og kunne bruke innhaldet i dei mest sentrale styringsdokumenta for læringsarbeidet i mat- og helsefaget
- kjenne til sentrale trekk ved utviklinga i norsk kosthald og ernæringspolitikk
- kjenne dei nasjonale kostråda og ha kunnskap om grunnleggande ernæring, kosthaldsutfordringar, livsstilssjukdommar og spesialkost
- ha kunnskap om ulike matvaregrupper, bearbeiding av mat og kjøkkenhygiene
- kunne legge til rette for helsefremjande kosthald i skulen
Studenten skal kunne:
- planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
- anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging og redusere matsvinn
- planlegge mat og måltid som tek omsyn til ulike kostbehov
- bruke naturen og bruke lokalmiljøet som ressurs for å lage mat ute
- berekne næringsinnhald i mat og vurdere maten sin ernæringsmessige kvalitet med hjelp av digitale verktøy
- kritisk vurdere kosthaldsinformasjon og forskingsbasert kunnskap med relevans for faget mat og helse
- leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Studenten skal kunne:
- drøfte omgrepet matdanning og bruke faget mat og helse som læringsmiljø og danningsarena
- sette faget mat og helse inn i eit samfunnsmessig perspektiv og forstå korleis faget kan bidra til folkehelse, livsmeistring og i å utjamne sosiale skilnadar i helse
- konkretiserte og integrere mål frå mat- og helsefaget i tverrfaglege tema
Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar på nett, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, studentpresentasjonar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium.
Det er obligatorisk oppmøte til alle læringsaktivitetar med fysisk frammøte, og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.
Studentane skal gjennomføre fem arbeidskrav:
- Skriftleg vekeplan med sunn og berekraftig middag og handleliste (individuell)
- Digital forteljing om matvarekunnskap (individuell)
- Presentasjon om vitamin og mineralstoff (gruppearbeid)
- Logg frå praktiske kjøkkenleksjonar (individuell)
- Rapportar frå forsøk på kjøkkenet (individuell)
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 1000,-
- Mat og helse 1, 1.-10. trinn - vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | Stått eller ikkje stått | 100 | Digital eksamen |