Semestre

MKH102US Mat, kosthald og helse 2 (5-10), mat i eit læringsperspektiv

Emnekode: 
MKH102US
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MKH101US Mat, kosthald og helse 1 (5-10), mat i eit helseperspektiv
Om emnet

I emnet MKH102US Mat i eit læringsperspektiv skal studentane tileigne seg kunnskap om faget mat og helse og korleis læraren kan legge til rette for elevane si læring med fokus på planlegging, gjennomføring og vurdering. Emnet skal vidare fokusere på mat, forbruk og kultur.

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha kunnskap om hovudpunkta i faget sin didaktikk og kunne bruke innhaldet i gjeldande styringsdokument som regulerer læringsarbeidet til faget mat og helse
  • ha kunnskap om korleis didaktiske planleggingsmodellar kan brukast i undervisninga
  • kjenne til religiøse og kulturelle variasjonar i mat og måltid
  • ha kunnskap om smak og smakspreferansar
  • forstå og tolke ulike merkeordningar for mat
  • kunne drøfte berekraftig og etisk matforbruk
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
  • anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging
  • planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeidet i mat og helse ut frå læreplanen sin intensjon og innhald
  • lage mat med fokus på kulturelt mangfald og berekraftig forbruk
  • iverksette tiltak for å redusere matsvinn
  • skildre smaksopplevingar ved hjelp av sensoriske uttrykk
  • leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • drøfte omgrepet matdanning
  • reflektere over og utvikle eigen profesjonalitet som lærer i mat og helse
  • konkretiserte og integrere mål i læreplanen i tverrfaglege tema.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Studentane skal gjennomføre tre individuelle oppgåver og to gruppeoppgåver:

  • Fagdidaktisk oppgåve, undervisningsplanlegging i mat og helse
  • Demonstrasjon på bruk av restemat
  • Mat, måltid og religion frå andre kulturar
  • Logg frå praktiske leksjonar på kjøkkenet
  • Rapportar frå forsøk på kjøkkenet
  • Praksiskompensatorisk arbeid

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og på semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kari Ryslett
Materialavgift

Kr. 1 000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
25 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Praktisk-teoretisk eksamen. Eksamen vert gjennomført individuelt og varer i om lag 25 minutt per student.
Godkjent av: 
Arne Myklebust