Semestre

MUS144 Musikk og samspel 2

Emnekode: 
MUS144
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Det er tilrådd at studenten har notekunnskap og noko instrumental/vokalpraksis. 

Om emnet

Emnet gir kompetanse innan praktisk og skapande musisering og tilrettelegging for, leiing og evaluering av ulike musikkaktivitetar. Studenten får undervisning mellom anna i eit valt fordjupingsinstrument, akkompagneringsinstrument (tangentar eller gitar/ukulele), arrangering og samspel i ulike typar ensemble, og bruk av musikkteknologi i skapande og utøvande aktivitetar. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om den estetiske dimensjonen ved musikkfaget
  • har kunnskap om øving og utøving på eit valt fordjupingsinstrument og akkompagneringsinstrument
  • har innsikt i sentrale musikkpedagogiske metodar, verktøy og prosessar på ulike nivå
  • har kunnskap om digitale media og verktøy for bruk i skapande og utøvande musikkverksemd
  • har kunnskap om tverrfaglege prosessar der musikk inngår
Ferdigheiter

Kandidaten: 

  • kan planlegge, leie og evaluere musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngi faglege val
  • kan finne, vurdere og vise til relevant musikkfagleg litteratur og praksis, og knytte dette til ei problemstilling
  • kan nytte eit valt fordjupingsinstrument og akkompagneringsinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre
  • kan nytte musikkteknologiske verktøy i samarbeid med komponering og utøving
  • kan arrangere og legge til rette for musikk i ulike besetningar og kontekstar
  • kan nytte musikk i tverrfaglig arbeid og reflektere over tverrfaglege kreative prosessar
  • kan reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og praksis og justere desse under rettleiing
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
  • kan nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan fagområdet og slik bidra til utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert nytta både klasserom og nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel, og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesningar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav:

  1. Eit individuelt skriftleg arbeid (2000 ord+/- 20%) knytt til instrumentundervising og samspel
  2. Planlegging, gjennomføring og evaluering av eit samspelprosjekt i gruppe
  3. Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - årsstudium
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Framføring av eit repertoar på hovudinstrument og akkompagneringsinstrument.
Godkjent av: 
Unni Hagen