Semestre
NF103-510KFK Naturfag 2 - Fysikk og kjemi (5-10)
Fullført lærarutdanning. Byggjer på emnet NF101-510KFK eller tilsvarande. Godkjende arbeidskrav frå NF101-510KFK vert godteke som tilstrekkelege forkunnskapar.
Emnet bygg på Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (NF101-510KFK). Saman med Naturfag 2 - Biologi og geofag (NF104-5-10KFK), tek emnet sikte på å gje studentane eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen. Emnet tek for seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske emne.
Faglege tema:
- fysikk: rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
- kjemi: varmelære, syrer og basar, redoks-kjemi, bufferar, organisk kjemi og næringsstoff, elektrokjemi, materialar
Fagdidaktiske tema:
- læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema
- bruk av modellar i naturvitskap og naturfagundervisning
- vurdering av medieinnhald med relevans for naturfagundervisning
- planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
- kritisk vurdering av naturfaglege tema slik dei verte framstilte i samfunn og media
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal vise faglege og fagdidaktiske kunnskapar i grunnleggande naturvitskaplege tema innan fysikk og kjemi
- skal vise kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag
- skal vise kunnskap om tryggleik og tryggleiksrutinar i arbeid med kjemikaliar
Studenten
- skal vise generelle praktiske ferdigheiter i nokre tema innan fysikk og kjemi
- skal vise ferdigheiter i å gje praktisk og teoretisk undervisning i skulefaget naturfag
- skal vise ferdigheiter og fagleg refleksjon i bruk av eit mangfald av læringsressursar
- skal øve opp evna til å knytte naturfaget til elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplan
Studenten
- skal vise evne til fagleg basert kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
- skal vise evne til refleksjon omkring elevers forhold til fysikk og kjemi i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle, naturfagundervisning basert på fagleg og fagdidaktisk kunnskap samt gjeldande læreplan
- skal vise evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga vert gjeve via internett. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesningar kan verte gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav:
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå tre laboratorieøvingar der minst eitt er nært knytt til eigen undervisningspraksis
- levere ein samlerapport frå anna laboratoriearbeid
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Ingen
Ingen
- NF2-510KFK
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene. | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått. |