Semestre
NF104U Naturfag 2 - Biologi og geofag (5-10)
Ingen.
Undervisninga i NF104U, saman med NF103U, tek sikte på å gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag på ungdomstrinnet i grunnskulen. Emnet tek for seg tema innan biologi, geofag, økologi, miljø og berekraftig utvikling. Det blir lagt vekt på å utvikle kompetanse i å undervise elevar slik at dei opplever oppdagarglede, undring, naturglede og ansvarskjensle gjennom bruk av praktisk arbeid og utforskande arbeidsmåtar. Naturfagdidaktikk blir undervist som ein integrert del av faget..
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- kunnskap om formar for undervisning som fremjar djupnelæring og barn og ungdom sin handlingskompetanse for berekraftig liv i framtida
- kunnskap om kontekstbaserte formar for undervisning knytt til sosiovitenskaplege kontroversar
- kunnskap om økologi og viktige kretsløp i naturen og korleis dette kan knytast opp i mot ulike miljøspørsmål
- kunnskap om biokjemiske og fysiologiske prosessar i celler og organismar
- kunnskap om cellesyklus og DNA-molekylet sin bygnad og funksjon
- kunnskap om korleis eigenskapar blir nedarva
- kunnskap om dei grunnleggande mekanismene bak evolusjon og genetisk variasjon
- kunnskap om landformande prosessar
Studenten skal:
- kunne utvikle undervisningsopplegg som fremjar undring og læring i naturfag
- kunne analysere, vurdere og dokumentere elevar sin læring og gje tilbakemelding tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader
- kunne nytte ein integrert naturfagundervisning og bruke naturfag i fleir- og tverrfagleg organisering i etiske, samfunns- og miljørelaterte problemstillingar
Studenten
- har innsikt i fagdidaktisk forsking om undervisning og læring i naturfag med fokus på progresjon, djupnelæring, kritisk tenking og argumentasjon
- kan nytte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og berekraft
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga vil føregå digitalt. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil bli gitt i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester, á 3 dagar. Nærmare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Fremmøtekrav
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesingar kan bli gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav
Alle arbeidskrav må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljar knytt til arbeidskrava blir kunngjort på Canvas.
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- bestå ei artsprøve basert på ei liste på 100 pensumartar
- levere ein poster om økosystem i eit klimaperspektiv
- levere fagleg vurdering av samfunnsrelevant naturvitenskapeleg publikasjon
- munnlege presentasjonar frå felt- og laboratoriearbeid
Sensur blir gjennomført i samsvar med «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» § 5-11
Ingen.
Ingen.
- Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |