Semestre

NO102N Språket som kultur

Emnekode: 
NO102N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk) og som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur.

Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

  • TP1: Talemål og sosiolingvistikk
  • TP2: Skriftkultur og språkhistorie
  • TP3: Tekstteori og pragmatikk
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • norsk (nordisk) språk i fortid og notid
  • språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
  • historiske og sosiale språkendringar
  • samiske språk og nasjonale minoritetsspråk i Noreg
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skrive tekstar på korrekt nynorsk og korrekturlese tekstar på nynorsk
  • kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tekstar, med klar struktur og korrekt bruk av kjelder
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.

På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Anders Aanes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium)
  • Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid) 
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Svaret skal skrivast på nynorsk. Alle arbeidskrava inngår i mappa.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust