Semestre

NO201 Nynorsk skriftkultur

Emnekode: 
NO201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
New Norwegian written culture
Emnenavn på bokmål: 
Nynorsk skriftkultur
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO111S, NO112S og anten NO113S eller NO114S, eller tilsvarande etter søknad.

Om emnet

Emnet Nynorsk skriftkultur (NO201) tek føre seg framveksten av ein nynorsk skriftkultur i Noreg. Grunnlaget for studiet vil vere tekstproduksjonen (med særleg vekt på sakprosatekstar) frå 1500-talet og fram til i dag. Det vert lagt vekt på å setje det nynorske skriftspråket inn i eit allment (europeisk) perspektiv. Studiet gjev dessutan ei brei innføring i norsk målreisingssoge og nynorsk som bruksmål, med vekt på nynorsk skulemål, kyrkjemål, administrasjonsmål og nynorsk i media.

NO201 kan, i lag med eit litteraturemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna språkemne (NO207) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har god kunnskap om

  • framveksten av den nynorske skriftkulturen
  • norsk målreisingssoge
  • nynorsk som bruksmål
Ferdigheiter

Studenten kan

  • lese og forstå sakprosatekstar frå 1500-talet og fram til i dag
  • bruke dei ovanfor nemnde kunnskapane i praktisk tekstanalyse
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur
  • byggje opp ein argumentasjon skriftleg på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og individuell rettleiing. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om val av emne og problemstilling for oppgåva.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir rekna som eit arbeidskrav. Det blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med semesteroppgåva.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Godkjent av: 
Arne Myklebust