Semestre
NYN302 Vitskapsteori og metode
Ingen.
Vitskapsteori er systematiske studiar av vitskapleg tenking, kunnskap og aktivitet. I dette emnet er merksemda især retta mot dei delane av vitskapsteorien som knyter seg til human- og samfunnsvitskapane. Sentralt står utfordringar, perspektiv og tradisjonar som gjeld tolkingar og/eller forklaringar av språklege, tekstlege, religiøse og historiske fenomen, men emnet vil også gje eit oversyn over nokre utvalde teoretiske inngangar så vel som innsikt i etablert metodisk arbeid med slike fenomen. Emnet skal vidare gje inngåande kunnskap om likskapar og ulikskapar mellom humaniora, samfunnsvitskap og naturvitskap, og ved det sikre deltakarane djupare innsikt i dei grunnlagsproblem som kjenneteiknar slik forsking. Samstundes skal emnet gjere dei i stand til å analysere vesentlege føresetnader både for eiga og andre si forsking. Saman med emnet Skriftkultur. Ei innføring (NYN301) gir dette emnet eit godt grunnlag til å ta valemna i mastergraden i nynorsk skriftkultur, og til å begynne på masteroppgåva.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har inngåande kunnskap om
- kva vitskapsbasert kunnskap kan vere, og kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte, praksis og tradisjon
- ulike vitskaplege perspektiv, omgrep, metodar og standardar, og ei utvida innsikt i grunnleggjande utfordringar innanfor humaniora og samfunnsvitskap
- breidde og oppdatering av tradisjonar og perspektiv, slik at kandidaten kan analysere vitskapsteoretiske problemstillingar både i eiga og andre si forsking
- forskingsetiske problem og korleis slike utfordringar kan handterast
Studenten kan
- ta del i vitskapsteoretiske diskusjonar om grunnlaget både for eige forskingsemne og andre forskingsretningar
- vurdere forsking kritisk ved å analysere teoriar, omgrep, modellar og metodar, og gjere bruk av vitskapsteoretisk refleksjon i utarbeiding av eige forskingsprosjekt
Studenten kan
- reflektere kritisk over relevant faglitteratur
- byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
- bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
- analysere og kommentere arbeida til medstudentar på ein solidarisk, stringent og konstruktiv måte
- skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – førelesing, seminar og individuell rettleiing. Det blir gjeve konsentrert undervisning basert på fellespensumet.
Innlevering av utkast til prosjektplan for masteroppgåva som må vere godkjent.
Prosjektplanen skal vere på om lag 4000 ord og skal innehalde:
- Ei skildring av temaområdet og grunngjeving av val av området
- Ei klar og tydeleg problemstilling og forskingsspørsmål
- Eit førebels teorigrunnlag der det skal visast til relevant forsking knytt til tema
- Ei førebels metodisk skisse, med særleg vekt på tilnærming til kjelder og datatilfang
- Forskingsetiske vurderingar
- Ein spesifisert framdriftsplan
- Ei sjølvvald pensumliste på om lag 500 sider
- Litteraturtilvisingar og andre relevante vedlegg og referansar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
- Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamenssvaret skal leverast som pdf-fil. Skal skrivast på nynorsk. | Alle utanom kommunikasjon med medstudentar eller andre. | |
Oppgave | Individuell eller gruppe (etter avtale) | semester | Stått eller ikkje stått | Prosjektplan for masteroppgåva på 4000 ord (+/- 10%) som skal skrivast på nynorsk. |