Semestre

POL302 Helsefremjande lokalsamfunn - Samhandling

Emnekode: 
POL302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Development of healthy local communities – An interaction perspective
Emnenavn på bokmål: 
Helsefremmende lokalsamfunn - Samhandling
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet Helsefremjande lokalsamfunn– Samhandling er eit tverrfagleg og tverrsektorielt emne, med vekt på lokale prosessar og deira betydning for utvikling av helsefremmande lokalsamfunn.

POL302 er nært kopla til emnet POL301 Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv, og studentar som har tatt POL301, vil truleg ha ekstra godt læringsutbyte av POL302Men det er ikkje eit krav å ha POL301 for å kunne ta POL302. POL301 skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, medan POL302 skal gi kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utvikllingsarbeid, samhandling og medverknad  kan legge til rette for helsefremjande og sjukdomførebyggande lokalsamfunn. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

Studenten skal ha inngåande kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utviklingsarbeid, samhandling og medverknad kan legge til rette for helsefremjande og sjukdomførebyggande lokalsamfunn.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere utviklingstrekk og samfunnsutfordringar med mål å legge til rette for å skape helsefremjande og sjukdomførebyggande lokalsamfunn.
  • bruke fagleg kunnskap kritisk, og reflektere over eigen praksis
  • bruke kunnskapen sjølvstendig til å gjennomføre oppgåver og utviklingsprosjekt
  • formidle sjølvstendig arbeid på ein fagleg forsvarleg måte
Generell kompetanse

Studenten skal sjølvstendig og kritisk kunne vurdere betydninga av prosessar som ligg til grunn for helsefremjande og sjukdomsførebyggande lokalsamfunn.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er sett saman av førelesingar, arbeid med oppgåver, presentasjonar og drøftingar i plenum.

I løpet av semesteret skal studentane skrive tre individuelle oppgåver, som blir relaterte til ulike delar av pensum. Oppgåvene skal skrivast utifrå problemstillingar som blir gitt av faglærarar. Det vert gitt tilbakemelding på oppgåvene med høve til justering. I tillegg skal studentane skrive ei semesteroppgåve, basert på ei sjølvvald problemstilling. Tema som blir tekne opp må ha relevans lokale helsefremjande forhold, men kan drøftast i lys av både internasjonale, nasjonale og lokale forhold. Denne oppgåva kan skrivast av fleire studentar i lag. Det kan veljast problemstillingar som gjeld utfordringar studentane kjenner til frå eigne yrkeserfaringar e.l. Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva. Semesteroppgåva og ei tilfeldig valt individuell oppgåve utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Deltakarane får tilgang til læringsplattforma Canvas, der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg her.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Skrive og få godkjent tre individuelle oppgåver, som skal ta utgangspunkt i problemstillingar som er gjevne av faglærarar.

Frammøtekrav: Deltaking på seminar med presentasjon av semesteroppgåva på samling 2.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Ellen Strøm Synnevåg
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnevernsarbeid - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
51
Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva.
4 000 ord (+/- 10 %)
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
49
Alle tre arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.
1200 ord (+/- 10 %) per oppgåve.
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2023