Semestre
PPU-DID1ID Didaktikk 1 Idrett og kroppsøving
Ingen.
Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i kroppsøving og idrettsfag før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faget. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
Kunnskap om kroppsøving og idrettsfag sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som lærar i kroppsøving og idrettsfag
Kunnskap om kroppsøvingsfaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Studenten:
Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til kroppsøvingsfaget sin plass i skulen
Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i kroppsøvingfaget og idrettsfag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Kandidaten
Kan vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
Kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk) og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn og med tilbod om individuell rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget.
Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag).
Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.
Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev
Vilkår for å fremstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å fremstille seg til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk. | Tilsvarande inntil 4000 ord. |