Semestre

PPU131-30 PPU: Fagdidaktikk - Mediefag, 30 stp

Emnekode: 
PPU131-30
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Fagdidaktikk i mediefag tek føre seg barn, unge og media, det å undervisa i mediefaget, arbeidsformer knytt til faget, planleggingsprinsipp, integreringa av faget i skulefaga og utviklinga av faget. I opplæringssystemet kan ein skilje mellom mediefag som eige fagområde og bruk av medium som pedagogisk verkemiddel i opplæring og formidling. Fagområdet kan delast inn i følgjande delemne:

- Det mediepedagogiske felt 

- Mediedidaktikk og mediekompetanse

- Media i samfunn og skule: identitet, kultur og mediebruk

- Medieanalyse og metodikk

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon  

- er kjend med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ 

- har utvikla kunnskap om læring både om, med og gjennom ulike medium, korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv 

Ferdigheiter

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon 

- kan bruke kunnskapar om mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ i arbeidet  med å planlegge, gjennomføre og vurdere mediefagleg læring.

- har tileigna seg kunnskapar og utvikla evner slik at dei kan fungera som faglege ressurspersonar for skule, elevar og andre lærarar.

- kan planlegge, gjennomføre og evaluere mediefagleg relevante undervisnings- og læringsdesign.

Generell kompetanse

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal: 

- har utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og har gjennom denne utvikla fagkritisk distanse til å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling.

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag. Frammøte etter gjeldande reglar for HVO.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Spesifiserte arbeidskrav vert lagt inn i emneplanen før studiestart. 

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Synnøve Moltudal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Anne Øie