Semestre
PPU2-R15 Pedagogikk 2
Bestått emne PPU1
Pedagogikk PPU2 – R15 består av 15 stp. og byggjer på emne PPU1 - R15. Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire delområde:
- Psykososialt miljø i skulen
- Sosialisering og oppvekst
- Skulen som organisasjon
- Skulen og samfunnet
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om, ferdigheiter og generell kompetanse i kompetanseområda i Rammeplanen av 2015. Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
- skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast.
- barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur.
- barn og ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar til hjelp og oppfølging.
- nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet.
- faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring
- lov- og planverk med relevans for skulen.
Studenten skal kunne:
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
- arbeide proaktivt og systematisk med å bygge læringsmiljøet.
- bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Studenten kan:
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
- bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Ein viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga, der det står at ein krev 80% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. Fråvær utover 20 % kan såleis medføre tap av eksamensrett . Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om fråveret. Det er viktig å merke seg at denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap av eksamensrett.
Arbeidskrav:
- Prosjektplan knytt til semesteroppgåva
- Presentasjon av semesteroppgåva på minikonferanse
Vurdering: Godkjend / Ikkje godkjend. Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
For å kunne gå opp til eksamen må PPU-PRA1 og PPU-PRA2 vere fullført og bestått
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PPU-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Individuelt utviklingsprosjekt inneber at studenten sjølv vel tematisk fokus, utformar problemstilling og samlar inn data (kvalitativt eller kvantitativt) for å utvikle meir kunnskap om eit av delemna innan PPU2. | alle | semesteroppgåve som individuelt utviklingsprosjekt med eit omfang på 6000 ord pluss/minus 10%, | |
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Justerande munnleg eksamen |