PROG-110KFK Introduksjon til programmering, 1.-10. trinn

Emnekode: 
PROG-110KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I emnet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag. 

Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuell- og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett eller PC, og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten kan 

  • vise forståing for programmeringa si nytte i samfunnet 
  • vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen 
  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar 
  • vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk 
  • gjere greie for ulike programmeringsverktøy, programmeringsspråk og metodar for programutvikling til bruk i skulen 
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
Ferdigheiter

Kandidaten kan 

  • utforme algoritmar og pseudokode 
  • utvikle program ved hjelp av visuell programmering
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering 
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid og vurdere elevarbeid
Generell kompetanse

Kandidaten kan  

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering 
  • bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 
Arbeidskrav: To (2) oppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke 1) eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og 2) profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering. Omfanget av oppgåvene vil vere 2000 ord (+- 10%) som skrift, eller maksimalt 10 minutt (+/- 10%) som film/samansett tekst. Totalt omfang av arbeidskrav er difor 4000 ord eller maksimalt 20 minutt film.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Kim André Stavenæs Refvik
Joakim Erik Gustav Olsson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
  • Programmering for lærarar, 5.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust