Semestre

REL114N Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn

Emnekode: 
REL114N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet kan vere del av Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium. Det gjev kunnskap om utfordringar knytte til religiøst og kulturelt mangfald og om undervisning i religion, livssyn og etikk. Emnet vil også gje innsikt i oppseding og undervisning i kristen tradisjon så vel som i nokre andre religions- og livssyns-tradisjonar som har aukande tilslutnad i landet vårt. Emnet er delt inn i fire:

Del 1: Kulturanalyse – kulturmangfald

Delemnet gjev innføring i kulturomgrepet, i kulturmangfaldet i Noreg og i modellar for kulturanalyse. 

Del 2: Religions- og livssynsundervisning i skulen

Denne delen handlar om fagdidaktikk knytt til KRLE-faget i grunnskulen og til Religon og etikk i vidaregåande skule. Det vert lagt vekt på utfordringar som det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samtidskulturen representerer. 

Del 3: Trusopplæring i kristendom, andre religionar og livssyn

Delemnet gjev innføring i trusopplæring i kristendom så vel som i andre religionar og sekulære livssyn som er breitt representerte i Noreg. 

Del 4: Forteljing og bilde

Her går ein inn på både teoretiske og praktiske sider ved saka. Døme frå ulike religiøse tradisjonar vert dregne fram, og studentane får drøfte korleis forteljing og biletkunst kan brukast i opplæring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskapar 

• om religionsdidaktiske problemstillingar 
• om ulike religionspedagogiske og religionspsykologiske tema
• om ulike teoriar knytte til livssyns- og identitetsdanning 
• om trusopplæringstradisjonar i nokre utvalde religionar og livssynsorganisasjonar 
• om korleis forteljingar og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten

  • drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religionsundervisninga 
  • drøfte kva som påverkar livssyns- og identitetsdanning 
     
Generell kompetanse

Etter fullført studium har studenten

  • grunnleggande digital kompetanse 
  • evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjøvstendig 
  • evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert og lagt til rette i læringsverktyet Canvas. Det går over eitt semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar og arbeidskrav. Fristar for innleveringar, plan for utlegging av leksjonar osv. vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarar skjer i Canvas.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha fått godkjent

  • ei digital kunnskapsprøve (fleirvalstest)
  • to innleveringsoppgåver knytte til eitt eller fleire av delemna

Innleveringsoppgåve nummer to inngår i mappeeksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Ragnhild Heidi Fauske
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, opne emne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Mappeeksamen består av to delar:
Ei oppgåve på 2500 ord over 3 dagar og ei oppgåve på 1500 ord (arbeidskrav nr. 2).
Oppgåvene skal leverast som Pdf-filer innan fristen.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust