Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
REL212N-AVG Sjølvstendig arbeid (avgiftsbasert)
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, etikk og livssynsfaglege emne (t.d. REL111N-AVG, REL112N-AVG, REL113N-AVG og REL114N-AVG) eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212N-AVG.
Formålet med dette emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
- ha spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eiga fagleg handsaming og justere denne under rettleiing
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- ha ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Emnet er avgiftsbasert. Det blir gjeve eit kort kurs i oppgåveskriving og seminardeltaking på Fronter. Studenten får tildelt ein rettleiar. Omfanget av rettleiinga er avgrensa til tre –3– konsultasjonar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar på Fronter der kvar student skal leggja fram eit utkast av sitt eige arbeid, og der ho/han også skal vera kritikar til eit utkast av ein medstudent.
Godkjent deltaking på begge oppgåveseminara.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
4000,-
- Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. | Alle | 8000-10000 ord |